Gå til innhald

Digital føremiddagstur-

august 4, 2007

Eg har akkurat vore på min digitale føremiddagstur. I hovudet går eg gatelangs. Eg startar på Hypodea, høghuset der eg har fleire bekjente og sjølv budde ei tid. Eg stikk alltid innom Pocks, Corn, Skylla og Smulmia, men ofte stikk eg hovudet inn i andre sine entrear og. Så går eg til det litt lågare høghuset Fallfrukt der eg og har vener. Der ser eg mellom anna om eg ser noko til morsan. Dei to husa ligg ved sidan av einannan, slik er det bare i mitt hovud. Hufsa og Villanda stikk eg ofte innom når eg først er i gang.

Så må eg sjå om Antidamen luftar frustrasjonar og gleder som ho ofte gjer, og så går turen til Eva P. Henne har eg kjend i sju-åtte år er det vel, og ho er mest alltid heime, energisk arbeidande i den nye leiligheten sin. Merkeleg nok bur naboen min Arne like ved henne sånn digitalt sett, og eg har akkurat oppdaga ei dame som kallar seg Thewitch som bur like ved.

Så er det innom Ord for å helsa på Tintomara og Katja og dei andre, før eg går heim til Andedrakt som ligg like ved.
Ofte kan eg ikkje la vera å gå ut på balkongen for å vinka til alle forbipasserande, men av og til lurer eg på om eg gjer litt for mykje av meg. Det bur jo andre folk der og. Av og til kviskrar eg til Tiin og dei andre: “Kom fram litt de og, eg vil ikkje at folk skal bli leie av ansiktet mitt,” Stundom kjem dei på kommando. Andre gonger står eg der og vinkar heilt aleine fordi eg bare ikkje kan la det vera.

Slik er gata mi… Og den rekkefylgja bare er slik. Problemet er at sidan eg går der så ofte så oppdagar eg stadig nye folk eg blir kjend med, og turen tek lengre og lengre tid. Eg tek likevel gjerne i mot tips om kven eg burde bli nærare kjend med. Eg må innrømma at eg ofte tek denne turen to gonger dagleg…

Ein del rasjonelle, praktiske menneske, eg er nemleg ikkje eit av dei, ville sikkert setja spørjeteikn ved tidsbruken i dette. Korfor sitja framfor datamaskinen når så mange andre ting skulle ha vore gjort? Og kva med min eigen, høgst levande, fargerike og samansette omgangskrins? Har eg ikkje nok med deì?

Nei, eg har viss ikkje det… Dei ti åra eg har lese bloggar har gitt meg utruleg mykje glede og nye innsikter. Ein kjem under huda på folk ein elles aldri ville blitt godt nok kjend med til å få vita det eg nå veit. Crackgirl er eit eksempel på ein person som eg mest sannsynleg aldri ville kome i snakk med i det verkelege livet. Eg synest desse morgon- og kveldsvandringane mine lærer meg masse om det å leva.

Om eg skulle koma så langt som til å skriva ned alle romanane og novellene som sviv i hovudet mitt, så gjer dette meg mange impulsar. Det utfordrar og toleransen og vidsynet mitt på en måte eg har veldig godt av, og eg har oppdaga, kanskje til mi forbausing at det vert danna ein heilt eigen form for sterke melommenneskelege relasjonar. På sitt vis er dei veldig ekte.

Sjølv om eg eigentleg ikkje kjenner desse menneska i vanleg forstand, så får me ein innsikt i kvarandre sine liv. Me kan gje einannan eit klapp på skuldera når det trengst, og ein god klem når det er bruk for det. Og kanskje mest spennande, me kan gje einannan input som me kanskje aldri ville få av dei menneska me ser til dagleg.

Rett nok er det ein redigert utgåve av oss sjølve og livet vårt som kjem til syne, men til ei viss grad så redigerer me jo det fysiske livet og. Det er slett ikkje alle sider me viser fram til einkvar, og slik skal det vera.

Om nokon møtte oss skribentar i levande live, så ville dei sikkert i vekslande grad kjenna att personen ein kjende frå nettet. Sjølv har eg vald å skriva opent med det ekte namnet mitt, lenge tenkte eg at det kunne eg gjera sidan eg hadde busett meg utanlands, men nå er det ikkje hemmeleg for nokon at eg held til her. Om du ville kjenna meg att viss du møtte meg i eit heilt anna og meir fysisk forum? Ja, det vil eg tru. I alle fall til dels.

Og folk må gjerne le, men dette har faktisk blitt ein ganske viktig del av livet mitt, sjølv om han ikkje er så stor.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Kjæraste Heidi! Heilt klart at du er den same på nettet som den eg er så heldig å få møta i det «verkelege» livet!! Glad eg kjenner deg – og for alt du deler:)

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det var ein fin attest. Skal store komande dagar feirast?

Kommenter innlegget