Gå til innhald

Rydding, nostalgi og katteoppdragelse.

august 4, 2007

Soverommet var ferdig rydda kring midnatt, og det kjennest bra… Oddvar har fått den nye kjøkkenvifta på plass og det er bra det og. Dessutan har sola skine heile dagen, og dagen har vore mild og mogen ein slik dag august byr på på sitt beste.

Ryddinga har teke meg med på reise gjennom år som gjekk og aldri kjem tilbake. Det er litt vemodig, men vakkert på same tida å gjenoppleva ting. Eg har funne gamle dagbøker og masse barneteikningar. Eg har rydda i ein kommode full av denslags remedier som eg ikkje har opna dei siste fem åra. Mellom anna har eg funne fotoposar med bilete eg knapt kan hugsa å ha sett. Så begynte eg ein gong på kvar si skrivebok til dei tre eldste barna der eg skreiv brev og dikt til dei som dei skulle få når dei vart vaksne. Det var ein strålande god idé, men dessverre stranda han etter få vekers skriving… Men kasta dei kunne eg jo ikkje nå etter fjorten år…

I tillegg kom Gerd på besøk med ein pose småbarnsklede ho lånte av meg då Tonje var lita. Eg fekk eit gjensyn med små kjolar som svigermor sydde og strikka til jentene mine, og den tøffe stripete overallen som mor og far kjøpte til Odd Christian i Tyskland den sommaren han skulle fylla tre år. Var ungane verkeleg så små som plagga tilseier då dei hadde dei på seg? Ja, det meste tyder på det. Eg har vaska kleda for sidan å ta vare på det meste, så nå heng det masse bittesmå plagg på snorene mine.

Når eg held på med slike ting, kan eg bli gripen av ein heilt fysisk lengt etter å ha små barn igjen. Eg hugsar nakkane deira og kor mjuke kinn dei hadde. Og så hugsar eg alle dei rare tankane dei delte med meg. Men det er sjølvsagt godt å få sova om nettene og å ha ein halvtime for seg sjølv sånn innimellom. Slikt kunne det bli smått med då eg hadde fire små barn.

Nå er det bare vesle Venus, den yngste katten som vekker oss om nettene… Det siste året har ho fått vanen med å stå på leikehyttetaket like utanfor soveromsvinduet vårt og mjaua når ho vil inn. Og me har skjemt henne bort med å opna for henne kvar einaste natt.

Me trudde ho ville bli avvent i sommar, me var jo borte i fem veker, men nei. Endå står ho der og mjauar, utan at me opnar. Ho mjauar på ein “mja-mja” måte som høyrest akkurat ut som “mamma”, og hjarta mitt blør når me etter beste evne ignorerar ropa hennar, eller til og med lukkar vinduet. I natt var eg oppe og slapp henne inn den andre vegen i staden for gjennom den døra som er mellom hagen og soveromet vårt. Det er sikkert ein sabotering av oppdragelsen me er einige om å gje ho det og…

Viss nokon har gode råd, tek eg i mot med takk. Ho har forgjeves prøvd å få oss til å opna sidan i begynnelsen av juni og prøver seg kvar einaste natt. Det hadde vore enklare å stå opp, opna døra og sova vidare, men det er jo dette me gjer eit ærleg forsøk på å få slutt på…

Dagane går så heilt usansynlig fort. Eg lurte litt nostalgisk på om livet mitt sånn livsløpsmessig var i august, men eg har bestemt meg for at eg sånn sett bare er først i juli…

Uansett. August er ein vemodig vakker månad…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    ja, inte vet jag, här i huset är det Puttekatten som uppfostrar mig….

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Og det er jo ikkje sååå farleg om ein står opp midt på natta for å sleppa inn katten…

Kommenter innlegget