Sundag-sundag.
Det må vera det rette ordet på dagen i dag. Etter å ha rydda heile veka, eller i alle fall vore plaga av tanken på at ein burde ha gjort det, hadde eg bestemt meg for å ikkje rydda noko som helst i dag. Det har funka så bra som bare det bortsett i frå det ein liksom må rydda for å oppretthalda den standarden ein allereie har rydda seg opp til, liksom…
Eg vakna ti over halv elleve og kjende at eg gjerne ville rekka gudstenesta klokka elleve. Flaks at eg har trening i superraske morgonar når det trengst. Eg mista bare preludiet, og etterpå drakk eg kyrkjekaffi med Astrid.
Då eg kom heim hadde jentene hatt frisørtime. Ingrid hadde stript håret til Sunniva og begge var godt fornøgde. Eg gjekk tur i skogen. Sola kikka fram, vinden fekk håret mitt til å stå rett ut, og eg gjekk forbi den plassen der det alltid luktar timian. Det må veksa vilt der ein stad. Det var robåtar som låg fulle av vatn etter alt regnet, tre som stod til knea i vatn, masse ville bringebær, og masse folk som plukka dei.
Eg vart spontaninvitert til Torhild som feira at ho fyller år i morgon. Ho hadde klekt ut eit kreativt prinsipp for invitasjonar: Folk var budne til fire ulike tider eller noko slikt. På den måten ville ho unngå at alle kom til same tida, åt kake samtidig og gjekk samtidig utan at ho hadde fått snakka skikkeleg med nokon. Systemet fungerte, og ho serverte eplekake med is og sjokoladekake på ein oransje duk med indiske broderier som ho hadde kjøpt i Spania i sommar. Då eg gjekk fekk eg med meg ei irsk velsigning akkompagnert av det nye flygelet i stova, og lyseblå hortensiaklasar, og så heilt plutseleg hadde sommaren kome. Eg møtte ein som hadde på seg shorts for første gong i sommar.
Nå står blomane på bordet og eg har ligge langflat på golvet og sett fjernsyn med ungane mine. Litt varm kveldsmat nå og så brodera bunad ein times tid? Høyrest ut som ein fin plan…
Heidi