Gå til innhald

Haiii!

august 10, 2007

Den lange smale guten lyser opp i eit smil og gjer meg ein klem. Eg var læraren hans gjennom heile barnetrinnet. Nå har han fyllt nitten og er ferdig med vidaregåande skule. Han fortel meg at han skal ta kunstutdanning i Australia og medan han ventar skal han tena litt pengar på å tatovera folk…

– Når du blir berømt kunstnar skal eg sola meg i at eg har vore læraren din! – Eg skal takka deg først i talane mine. – For at du gav meg så stor fridom då eg gjekk på barneskulen…

Så spennande det er å møta igjen elevane sine. Sidan eg bur i ein bitteliten by skjer det ralativt ofte og eg er stolt og rørt når dei kjem bort for å prata med meg. Og glad fordi det ser ut til å vera alle dei positive tinga som sit att når det har gått nokre år.

I dag har eg kjøpt meg knallrød veske til dei røde skorne og det røde glashjartet eg skal ha rundt halsen. Knallrød selskapsveske med perler. Det skal bli så fint så. Ingrid meinte eg trong nye røde sko, men eg likar dei røde danseskorne mine frå Gudrun Sjödén. Det er dei eg har på meg når eg spelar teater rundt på skulane i lag med Jan Ivar.

Me har feira gebursdagen til Gunnar med stort hjarterom og mykje god mat. Nå må me pakka bilen med Odd Christian sitt flyttelass for i morgon tidleg reiser me til Bergen. Me skal vera med på opninga av Bodil si kunstutstilling klokka to. Det gler eg meg til, men me må starta tidleg om me skal nå det.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    tiiin permalink

    vad fint, att få träffa sina gamla elever sådär! jag kan nog tro att det är härligt att ha dig som lärare. tänk om jag kan få bli en sådan sångpedagog, en sådan som gör något bra och som folk kommer ihåg sedan, långt efteråt.

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det blir du nok… Det er ikkje dei store tinga det kjem an på dessutan…

  3. Ukjend's avatar
    Borghild permalink

    eg hugsa «klassen» din.. dåkk hadde klasserom overt i gamlebygget, i enden?? mange koselig elever!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, det er heilt rett, Borghild. Du hugsar godt. 🙂

Kommenter innlegget