Gå til innhald

Om å lys-setja eit rom…

september 13, 2007

Ør og trøytt etter å ha fått gjort unna mest mogleg arbeid, mellom anna eit opplegg for vikarane mine, i løpet av måndag og tysdag kveld, kom me oss i veg på onsdag etter tredje time. Eg håpar ikkje det var min lynraske tur innom toalettet som gjorde at me mista ferga med knappast mogleg margin…

Men det stod framleis suppe på bordet då me kom fram, og sidan har det gått i eitt med ulike kurs innimellom hotell-lunsjar og festmiddagar…

I går fekk me innføring i lysdesign, og han som haldt kurset gjorde det så bra at eg straks fekk lyst til å setja i gang med lysillusjonar i sceneromet.

Visste de at føresetnaden for ei vellukka lys-setting var å kunna mørkleggja det opprinnelege romet i størst mogleg grad? Utelys om våren er hundretusen gonger sterkare enn scenelys, så for at scenelyset skal få skikkeleg effekt må auget lurast ned på eit mykje mørkare modus… Eg må kasta meg over Stig ein dag og undesøkja kva moglegheiter me har for mjukt frontallys, farga baklys og konturskapande sidelys? Har me grisetryne og låvedør tilgjengelege på Bryne…

Nå er det fest på hotellet der me bur. Dei dansar akkurat nå swing til “The old cottonfields at home”, som i denne augneblinken glir over i ein annan melodi… Stemninga er stigande.

I dag har me vore på kurs i manusskriving og ho Pelone frå Alta har prøvd å visa oss at alle inntrykk kan trasformerast til historier og teaterstykke. Me er blitt spådde i Kinderegg, og eg klarte å manipulera spådommen til å bli akkurat slik eg ville ha han… Så har me laga historier av typen den gongen i 1935 då Adolf Hitler måtte dela sovekupé på eit tog i lag med ei ung kvinne, som seinare skulle koma til å kalla seg Mor Theresa.

Me har leika oss med verkemiddel og gledd oss over alle historier og teaterstykke me heilt sikkert skal rista ut av begge skjorteermene i all framtid.

“All ting kan gå i tu, men ett hjärte kann gå i tusen bitar,”
spelar dei inne i festlokalet. Representantar for kursdeltakarane samlar seg rundt tastaturet mitt, og lurer på kva i all verda eg driv på med? Klassisk festbremsing å parkera ved ein datamaskin i foajeen? Men natta er endå ung, har ikkje runda midnatt ein gong… Der inne går det i gitarboogie, medan tilskodarane mine påpeikar ein og annan skrivefeil på skjermen…

Og her på Stord går det framleis arbeidsbuss frå verftet. Eg såg arbeidarane stå og venta på busshaldeplassen. Då eg kom vart dei plukka opp av ein buss merka “arbeidsbuss” som kjører folk til og frå jobben. Eg meiner å hugsa at det fantest slike i min barndom, men trudde ikkje at dei eksisterte lenger.

Her på Stord slår sjøen mot fjøresteinane, og ute i havet står det høge fjell. På nettavisa lovar dei oss den første hauststormen til heimreisa i morgon ettermiddag. Det veks store svarte bjørnebær langs vegen, og eg høyrer på folk rundt meg at klokka har bevega seg inn i timane for dei store betruelsane.

Kanskje det er timane for å samla inntrykk til skodespel?
Det skulle eg nesten tru…

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Så flott at du blir inspirert!Alltid gildt med påfyll….. God tur heim:)

Kommenter innlegget