Raggsokkar og store sjal
er tingen akkurat nå. Det regnar og er haust. Klokka halv ti på føremiddagen er det framleis ikkje heilt lyst.
Vegen heim frå kurset vart lengre enn me trudde. Det handla om ein bil som hadde kome til å bli ståande med lyset på, snille menn med startkablar som hadde kome til å røska med seg den negative polen då dei tok startkablane av. Dette førde med seg total straumstans ein del mil seinare, Falken redningskorps og nokre timars venting i surt haustver. Heldigvis var det ein stad like i nærleiken der dei selde varm kaffi, og plutseleg dukka den yngste kusina mi opp med babyen sin på armen og kjærasten ved sida av.
Falkenmannen fortalde mellom linjene at eigentleg hadde han ikkje tid til å stå der i ein heil time for å lada eit bilbatteri som aldri burde ha vore flatt. Han kom seg då me viste pedagogisk interesse for kva som finst under eit panser. Som ein god del menn vart han rett og slett litt oppliva og glad ved å få gitt oss lite skjønande ein opplysande leksjon om både det eine og det andre…
Me kom oss lukkeleg heim. Då var det allereie kveld. I går vassa eg rundt på ullsokkar og hadde vondt i halsen medan eg brukte heile dagen på å rydda og vaska golv. Utpå kvelden var eg klar for kaffi, god mat og aviser før eg avrunda i lag med kjærasten min med ein film av Michael Moore om 11. september og invasjonen av Irak, eller frigjeringa av Irak som ein del valde å kalla det…
Å gjera verda til ein betre plass er kompliserte greier…
Heidi