Gå til innhald

Forening.

desember 7, 2007

Mor hadde det og farmor hadde det. Rett nok med litt forskjellig innhald. Farmor sine foreningsdamer dreiv verksemd for misjonen. Det gjorde ikkje mor sine foreningsdamer.

Felles for konseptet var likevel eit reint og rydda hus, masse god mat, kaffi og tatling.

Og sjå om ikkje eg held det gåande endå. I kveld var det forening her med fem damer på besøk. Fire av dei gjekk eg på gymnaset i lag med. Det har variert kor mykje kontakt me har elles, men sånn omtrent ein gong i månaden tek me med oss liva våre og møtest rundt eit dekka bord, til meir eller mindre djupe samtalar…

Eg har av og til prøvd å kalla evenementet for syklubb, for det er noko litt gammelmodig over ordet forening, men det har eg gitt opp. Det er ikkje kvar gong det blir sydd eller strikka på møta våre, men det hender. Forening er det likefullt.

Eg hugsar at me ungane fekk eta restar på kjøkkenet når mor hadde forening, og at me ikkje var ynskja i stova. Der skulle damene få snakka fritt utanfor høyrevidde av manne- eller barneøyrer. Sjølvsagt var magnetøyrene og falkeblikket mitt skarpt innstilt på stova og på kva det kunne gå an å plukka opp frå dei vaksne sin verden. Det hende det dukka opp bortimot sjokkerande informasjon, men mor var alltid pinlig påpasseleg fordi ho kjende barnet sin lyttekapasitet…

Likevel vil eg påstå at eg samla meg informasjon for livet dei gongene eg klarte å gjera meg usynleg i eit rom fullt av snakkeglade damer.

Eg hugsar at mor serverte aspic, smørbrød og etterkvart ein og annan varmrett. Sjølv måtte eg gjera det enkelt i kveld. Syster mi si svigermor døydde i natt, og eg kjende eg måtte innom for å få klemt syster, svoger og nieser og gitt dei kvar sin klem. Kjærasten min sa at dei kanskje ikkje hadde fått i seg så mykje mat, så han bad meg ringa og spør om me skulle kjøpa med oss pizza i tillegg til blomsterbuketten. Det viste seg å vera ein god idé.

Det var sterkt å vera i lag med dei og sterkt å høyra kor klar svigermora var for å få lov til å kryssa over grensa.
Nokon gonger kjem døden som ein venn. Det er viktig
lærdom det og.

Fred over minnet hennar.

Og foreningsdamene har lagt ut i den mørke desembernatta i høljeregn i kvar sin bil. Nå skal eg ned og rydda litt og få reinska litt av serveringsfata med ost, eggerøre og spekekjøt-

Ein eller annan psykolog sa at den viktigste psykologiske sikringsfaktoren for mange kvinner heitte “syklubben”, og at menns psykiske helse truleg hadde vore betre om dei hadde eit liknande forum.

Kven veit…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    Selv er jeg med i salsa-/swing- og litteraturforening

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Då held du deg kanskje i psykisk balanse du og? For ikkje å snakka om det store støtteapparatet du heilt sikkert har i heimen…

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Herlege Strand / Harboe : Godt at det finnest slike flotte kjærastepar med både psykologisk overskot og mangt anna:) Sjølv feirar husbonden og eg at det er 28 år sidan med trulova oss idag!!

  4. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Symöte heter det p svenska, men det verkar vara ackurat samma sak. Lite otidsenligt är det, vi säger tjejträff om våra möten, och alla handarbetar inte. (Men jag har alltid en stickning med.) Hur som helst behövs de.

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja dei behøvest- Gratulerar med dagen Torhild og PM!

Kommenter innlegget