Gå til innhald

Fridag med smak av fridom.

januar 5, 2008

Jula var god, men programmet var strengt med få smutthol til bare å gjera ingenting. I går lot eg fridagen vera heilt ansvarslaus og fullstendig fri. Det smakte godt.

Sidan dette var dagen for litteraturgruppemøte, hadde eg eit unikt påskot til å via store deler av føremiddagen til å få lese boka som eg ikkje hadde fått begynt på før kvelden før… Lesing av ei bok på blanke føremiddag, delvis i senga med januarvinden hylande utanfor det opne vinduet, og delvis i eit badekar fylt med varmt, varmt vatn kjendest bortimot uansvarleg, og heilt vidunderleg.

Så måtte eg ut og ordna nokre småting og klarte via sms å lokka Synneva til å lura seg vekk frå det ho hadde tenkt å gjera av store og viktige ting for å møta meg på ein kaffibar.

Etter ei levande økt med ein kopp varm cappuccino, levande lys og god utsikt til kva som foregjekk rundt oss på alle plan, klarte eg å stramma meg såpass opp at det vart laga eit avskilsmåltid for Odd Christian som skulle tilbake til Bergen. Me kjørte han til byen medan vinden ulte sterkare og sterkare kring bilen.

Før litteraturgruppa mi rakk me ei stund i lag med Heidi og Per Inge framfor den brennande vedomnen deira. Me bekymra oss litt om det ville vera framkomeleg over bybrua resten av kvelden, eller om ho kunne måtta stengast på grunn av vind, men me bestemte oss for at det kom til å gå bra.

Kvelden med venninner var og veldig fin. Det er godt å halda seg fast i kvarandre med jamne mellomrom, og i dei travle liva våre viste det seg å vera litt av ein kunst å setja av fredagstreff ein gong i månaden i tida framover på dagar då alle kunne.

Me kom oss tilbake over bybrua ein gong tidleg på natta. Kavaleren eg deler hus med kom og henta meg på halvvegen. Eg hadde nemleg ekstra lite lyst til å kjøra bil på nullgradersføre i noko som likna meir og meir på ein ekte storm. Vel heime måtte eg innom pc-en og msn for å finna ut om bussen hadde kome vel fram til Bergeni det heftige veret. Det hadde han.

I dag bles det framleis like sterkt, og i tillegg driv det snøslaps i vinden. Det begynner å minna om det som på den lokale dialekta heiter eit skikkeleg rennedrev. Då hender det at folk bare må gje opp tanken på å ta seg fram utomdørs.

Sunniva er på helgetur med ei ungdomsgruppe ho er med i. For å forsikra seg om at undulatane William og Pernille ikkje skal bli gløymde under fråveret av omsorgsperson, har ho sett dei ut på kontoret vårt. Den eine katten er heilt oppgira og ligg og lurer på dei i smug. Med jamne mellomrom stormar han buret, klatrar opp på det, og prøver å opna døra. Dei to fuglane bur i eit stort golvbur berekna på rotter, så eg er stygt redd katten kunne hoppa rett inn til dei om døra lot seg opna. Det er visst best me passar på…

Nå må eg ned og ta hand om syndefloden i form av ikkje- utførte- oppgåver den dagen mor las bøker og sat på kaffibar. Eg får begynna å spa ut av kjøkkenet. Kjærasten min foreslår å kasta ut juletreet, men eg ber tynt om å få behalda jula litt til. Eg ser for meg ein kveld med tende lys, bål på peisen og fred over stova.

Heidi

From → Uncategorized

10 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Smulmia permalink

    Önskar dig ett riktigt bra 2008! *klem* 🙂

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, Smulmia. Så koseleg at du stikk innom her.

  3. Ukjend's avatar
    Gunn O permalink

    Godt nyttår til deg og dine Heidi. Håper vi kan se mer til hverandre i år enn i 07. Skal på besøk til «gamle» felles kjente i kveld. Blir nok noe mimring om Liland og sånt

  4. Ukjend's avatar
    Anonym permalink

    …det er godt å halda seg fast i kvarandre med jamne mellomrom… jeg liker så godt måten du formulerer deg på – det er så vakkert og berører så dypt 🙂

  5. Ukjend's avatar
    maybrit permalink

    det var jeg som ble navnløs

  6. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Godt nytt år, Gunn. Ikkje skal du vel vera namnlaus, syster? 😉

  7. Ukjend's avatar
    Margunn :-) permalink

    Kjære gode Heidi. Takk for tipset om denne sida. I vårt hus er julabrevet frå Heidi m/fam eit høgdepunkt kvar jul. Og her kjende eg på det same. Du er sååå flink med orda Heidi, det gjere meg så godt å lesa dei. Det er som å vera tilbake ved sida di igjen…sjå & høyra deg. TAKK. Eg kjem til å stikka meir innom her ja..Knib og tankar til deg.

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Neimen hallo, Margunn! Reine juleselskapet her etterkvart. Kom inn kom inn. 🙂

  9. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Her i aust er snøen komen. Eg ser på det å ligga i senga ein heil føremiddag som rehabilitering og naudsynt luksus. Var boka til Faldbakken god? Gler meg til neste helg – vår kreative stund saman…Kva med film, grønnsaker og god kaffe?? klem

  10. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, ikkje sant, Eva Mari. Rehabilitering og naudsynt luksus høyrest fint ut. Den kjøper eg. Ja, eg likte boka, men me var litt uenige i litteraturgruppa. Film, grønsaker, kreative stunder og god kaffi høyrest akkurat ut som det damer som oss skal sjå fram til neste helg. Klem tilbake.

Kommenter innlegget