Gå til innhald

Banke, banke, vakre hjerte,

januar 9, 2008

ikke vær redd, ikke vær redd…

Eg har nå vore på teater to gonger den siste veka og sett stykket “Det tusende hjertet.” Det var verkeleg flott. Spesielt scenografien imponerte meg. Den eine gongen reiste eg i lag med to elevar og den andre gongen i lag med Sunniva og ein del andre familiemedlemmar.

Av og til er det trist at eg kan skriva så lite om den viktige delen av livet som foregår på arbeidsplassen min. Det er mange sterke inntrykk, og mange vakre situasjonar eg gjerne ville ha skildra, men på grunn av teieplikta høyrer slike skildringar stort sett heime andre plassar enn her.

Nå er eg søvnig. Januarsøvnig eller søvnig rett og slett fordi oppstarten av semesteret ,og overgangen til det normale kvardagslivet, har vore travel og krevande. Nå kvinnar eg meg opp til å pakka sakene mine for å dra til Olso i helga. Eg skal dra rett frå jobben i morgon ettermiddag. I Oslo skal eg jobba med liturgiar, og elles feriera litt…

Regnet utanfor er stort og massivt. Eg har unna meg eit kvarter på sofaen med beina høgt, eit kvarter med kaffi og med hovudet i fanget på kjærasten min.

Så har eg vaska kjøkkenet og møblert frukt og grønsaker. På kjøkkenbenken har eg lime, sitroner, kiwi, aubergine og avokado i ei spansk skål med blått og gult mønster og småløk, kvitløk, chili og sjampinjong i ei portugisisk skål med brunt og beige mønster. Det vart så fine fargar at eg vart glad. Sjølv kler eg meg i lilla og cerice, det gjer godt i ein litt grå månad.

Sigvart Dagsland syng: Himmel, himmel, la meg få et glimt av himmel… frå PC-en til kjærasten min.
Den krybe opp frå mørke krogar og svarte hull, la meg få et glimt av himmel…

Eit vakkert bilete frå kvardagen min: Litt trøytte januarmenneske som gjer alt dei kan for å ta vare på einannan og tenna lys i andre sine auge. Det må vel vera eit glimt av himmel.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    synneva permalink

    Du er flink til det der med å finna himmelen i kvardagen, Heidi!
    Glad i deg.

  2. Ukjend's avatar
    inger permalink

    Jærklang har vore på øving med DeKor på Undheim. Der blei øvinga starta med dine to flotte dikt: «Eg seier dei skal fly» og «Heilagt vera livet.» Takk for alt du gir oss, kjære Heidi! Ha ei god helg i Oslo!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk, kjære venninner. Eg har ei god helg i Oslo

Kommenter innlegget