Undulatane flaksar i buret,
og eg har fått augedropar, men augene svir litt framleis.
Me har henta Odd Christian på kaien inne i byen, og det er alltid så fint så fint å sjå han att. Eg likar å ha alle ungane mine samla trygt under eige tak… Men det kan eg ikkje skryta av å ha fått til i kveld, sjølv om eldstemann akkurat nå sit i den oransje sofaen min med kvit hettegenser og caps og let seg oppdatera på faren sine datainvesteringar sidan sist…
Ingrid er russ i år og på festival i Kongeparken med sånn rundt rekna 9999 andre. Dei sa at det var titusen påmelde i alle fall. Sola skin og ho sendte melding for nokre timar sidan om at ho har det bra. Eg har eit litt anstrengt forhold til russefeiring, men eg unnar henne å ha det bra der. Me åt lang frokost i lag ho og eg, og eg fekk formant henne litt. For eksempel slik.-“Og viss nokon spanderer ein liten tablett med smilemerke på…” -” Då veit eg at det er fluor og at eg trygt kan eta han…” Ho er ei fornuftig jente og skal nok overleva ei helg i Kongeparken, men let meg provosera når eg høyrer at dei kvart år får inn ei handfull valdtekne og alkoholforgifta russar på akuttmottaket.
Og Halvard er på Lan. Eg lurte på om eg burde sjekka det ut med foreldra til han som dei er hos at det verkeleg er ok med seks gutar på fjorten år som skal spela data heile natta. Halvard meiner det er dødsflautt med foreldre som ringer for å sjekka ut ting… Me har vald å stola på han…
Nå har me ete ein veldig sein middag. Gullguten på 21 år hadde bestillt ein stor stabel pannekaker med sprøsteikt bacon, og det er det klart at han måtte få…
Sola har skine i dag, og trea har blitt merkbart grønare bare i løpet av dagen. Eg lokka syster med meg på byrunde med kafébesøk sjølv om ho hadde hendene fulle med førebuingar til konfirmasjon på sundag og oppussing av bad. Det kjennest så bra med slike friminutt. Sunniva fekk vera med oss og. Ho har plutseleg blitt stor og vaksen jente. Eg blir sitjande og stirra på henne rett som det er og lura på om det verkeleg er mi vesle Sunniva eg ser der borte…
I går såg eg ein interessant svensk dokumentar om ei ung jente som valde å bli karmelittarnonne. Dei fulgte henne og familien i seks- sju år. Ho strålte av lykke og sa at ho hadde vald det gode livet, å få lov til å fordjupa seg i andelege mysterium…
Og eg forstår kva det er som får folk til å velja å gå i klosteret. Det er denne perla som ein mann fann i ein åker som førde til at han selde alt han åtte for å kunna kjøpa åkeren. Samanlikna med den miste alle andre ting sin verdi.
“Saman er ein mindre aleine,” heiter boka eg les. Ho er skriven av Anna Gavalda. Eg har kjøpt filmen og for over ein månad sidan, men har ikkje fått tid til å ta han ut av coveret.
Heidi