Gå til innhald

Höljet var ju knoppen hela vintern,

mai 13, 2008

vad är det för nytt som tär och spränger?
Ja visst gör det ont när knoppar brister,
ont för det som växer,
och det som stänger.
Karin Boye

Ei helsing frå dramalæraren:
Det nærmar seg to store forestillingar med stormskritt, og dramalærarlivet er på sitt aller mest intense. Me har ei barnegruppe, som i beste fall har eit godt grep på Astrid Lindgren. I tillegg har me ei ungdomsgruppe…

Å jobba med tenåringar er på ein del måtar ganske ulikt det å jobba med barn. Dei svingar på ein ganske sårbar måte mellom det å vera barn og det å vera vaksen. Konsentrasjon kan faktisk vera ei større bragd å få til med ei gruppe fjortenåringar enn med ei gruppe tiåringar. Likevel, innimellom brest kvardagen og blir magisk. Det er noko med tenåringar som er utruleg fascinerande.

Teater er musikk og rytme, – og masse hardt arbeid. Eg trur ein framleis må vera glad i å leika for å orka å driva på med det. På ein måte er det min variant av å spela golf…

Det er noko merkeleg med denne månaden. Dagane er så intenst tilstades, samstundes som dei er over før du har fått tenkt deg om.

Og nå vil eg snart heim frå jobb… Men først må eg bare…

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Eg vakna i dag med den tanken i hovudet at eg måtte forandra litt på den teksten eg laga i går. Det kjendest ikkje heilt rett å ha han slik som han var. Det er sjeldan eg famlar med kva som skal skrivast og ikkje, men eg gjorde det denne gongen. Derfor har eg vore inne og redigert litt.

Kommenter innlegget