Gå til innhald

Jamtrøma…

mai 15, 2008

Nei eg visste heller ikkje… kva det ordet betydde, men sær som eg er, les eg ordlister som andre les kokebøker…

Og ordet passa godt på dagen min. Det betyr nemleg, i fylgje Nynorskordboka frå Det Norske Samlaget, noko som er breiddfullt… Breiddfylt i positiv forstand, kan eg jo våga å leggja til, som eit påskeegg der du så vidt får på loket etter at godbitane er på plass…

Noko som har bekymra meg dei siste dagane fall på plass i dag. Plutseleg spøkte det for lydteknikaren på forestillingane våre. Me er blitt så pass proffe at det ville vera rein katastrofe å ikkje ha nokon til å styra lydanlegget. Me kan ikkje invitera inn 500 skulebarn og ikkje ha lyd som fungerer…

Ingrid og eg hadde ein periode der me leika oss med å finna opp nye ordtak fleire gonger til dagen. Kanskje eg skulle prøva meg med eitt… “Den som har is i magen får høyra gauken i år og?”

Elles er Ingrid langt meir kreativ med nye ordtak enn meg. Ho kan foreksempel på ein veldig naturleg måte, smetta inn nye små ordtak når ho fortel om ting ho har opplevd, for eksempel: “Det er ikkje kvar dag det kjem ein kamel på den sida av gata…”

Og i skulen held me fram med tradisjonelle norske songar i leselekse. I dag hadde me læreløype, der eg på den eine posten høyrde dei i lekse og prøvde å forklara elleveåringar kva nasjonalsongen vår eigentleg handlar om… Og så las ungane Per Sivle sin song om vesle lerka. Det var sterkt å høyra dei lesa. “Gud signe deg, du er fuglen min du, Gud signe deg for di glade tru. Og møter eg kulde og snjo på min veg, Gud gjev at eg soltru må syngja med deg: Å hei å hi, å tireliti…”

Eg forklarte dei at Per Sivla prøvde å læra seg livsmot av lerka fordi han ofte var så veldig lei seg. “Korfor då?” spurde ungane. “Fordi han tenkte på så mykje trist,” prøvde eg å forklara, “og kanskje fordi han opplevde mykje vanskeleg då han var liten.”

At han til slutt var så lei seg at han tok sitt eige liv unnlot eg å nemna. Men tanken slo meg så sterkt: Kva gjer me for å gje desse ungane optimisme, pågangsmot og framtidstru? Det må då vera det beste og mest nyttige me kan gje dei i skulen? Og visst prøver me, heile tida. Tenk om ein kunne gje slike gåver i dåpspresangar og gebursdagspakkar…

Vel heimkomen venta det meg større prosjekt enn eg hadde tenkt. Halvard måtte kjørast til band-øving, fordi han trong å ha med seg både el-gitar og forsterkar.
Sunniva skulle ha heildagsprøve i matematikk, og ho trong hjelp til å finna passar, gradskive og kalkulator. Ingrid skulle halda eit tjueinuttars foredrag om imperialisme i morgon, og ville gjerne ha mor som responsgruppe og rådgjevar, i siste svingen før samfunnsfagkarakteren blir gitt.

Alt dette var vel og bra, og sjølvsagt stiller mor opp. Problemet var bare at eg skulle vera i “forening” hos ei venninne halv åtte og tida bare rann ut. Spesielt fordi eg innimellom alt måtte ut og kjøpa propell til Karlsson på taket. Ein tekstmeldig forklarte at eg kom til å koma forseint, men at eg kom til å koma…

Og nå er dagens tekst på plass og alt. Jamtrøma har vore god, sikkert ingen dum idé å sova litt sånn etterkvart…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget