Livet og 17. mai.
Det vart ei sein natt i går. Eg vaska golv til klokka eit om natta, og etterpå kunne eg ikkje sova før Ingrid var trygt i hus. Eg var ikkje sikker på om ho fekk skyss med nokon dei femten kilometrane ho var heimefrå, eller om me måtte ut og henta. Derfor vart klokka tre før eg mentalt tok natta. Då var det ein ganske god tanke at nå hadde eg to av ungane trygt gjennom russetida, og at det var fire år til neste gong…
Det kjendest det relativt tidleg då klokka ringde klokka åtte, sjølv om det er halvannan time seinare enn vanleg.
Ute var det sol, og det visste folk å setja pris på då me høyrde og såg på tv at det var regn og snø andre plassar i landet. Ganske visst hadde temperaturen sunke minst ti grader sidan begynnelsen av veka, og det var kald vind, men den typen ver er me ganske flinke til å leva med på våre kantar.
Det vart den årlege spurten for å nå barnetoget, og til mi eiga overrasking let eg meg kvart år røra og overvelda over kor vakkert det er med naturen i mai, alle dei norske flagga og alle dei stivpynta ungane. Etterpå var det kaffi, jordbær, is og kake i lag med storfamilien min, for på 17.mai skal ein helst ha ete is før klokka blir elleve på føremiddagen.
Nå i ettermiddag har me hatt grillselskap på verandaen med pølser, ulike typar koteletter, poteter i ulike former, salat og laks. Så vart det meir is og sjokolade og kake. Heldigvis smakte bløtkaka, som eg klarte å brenna noko så grundig i går kveld, heilt upåklageleg etter at eg hadde skore vekk det brende, dynka sukkerbrødet med appelsinjuice, fyld med krem og jordbærsyltetøy og pynta med jordbær.
Gjestene er gått heim, og eg er trøytt. Ingrid og Oddvar har kome frå Vik med ein stor pose av dei største rabarbraane eg har sett i mitt liv. I morgon får det bli rabarbragrøt og kanskje ei rabarbrakake. Hanne Lise tipsa om at ein kan baka eplekake med rabarbra i staden for epler. Det trur eg at eg vil prøva. Nå har eg tenkt å tilbringa kvelden på sofaen. Det skal bli herleg.
Heidi
Låter som du hade en bra 17:e maj. Hoppas kvällen på soffan blev bra! 🙂
Kvelden på sofaen vart bra, men kort. Eg sovna sånn ca fem minutt inne i filmen eg hadde ambisjonar om å sjå…