Mellom hegg og syrin.
Nå har eg lese fleire versjonar av historien om den svenske verkstaden som var “Stängd mellan hegg och syren”. Det høyrest ut til å vera ein god idé, som eg med dette lanserer her i fedrelandet og…
Om det ikkje blir hegg og syrin i hagen i år heller, ser det ut til å kunna bli meir swing på han enn på lenge. Eg var uforsiktig nok til å lova Halvard ei ganske klekkeleg timeløn for gartnararbeid. Eg tenkte det ikkje var nokon stor sjanse å ta, men eg skal tydelegvis ikkje undervurdera energien i mitt sistfødt barn. I sist veke la han ned tretten arbeidstimar i hagen, og jobba så svetten silte. På eige initiativ fekk han lånt seg ei heggsaks og ein
betre grasklippar, og han spadde opp eit heilt nytt bed og la steinar rundt.
Oddvar kom kjørande frå Vig med tilhenger. På tilhengeren hadde han ei gåve frå foreldra: Mange brett med sommarblomar frå drivhuset deira. Han og Ingrid har spadd opp eit nokså overgrodd bed, og fått alt saman i jorda. Grasplenen, som me sådde i på ny for eit par år sidan, er eit sørgeleg syn. Me får liksom ikkje nokon skikk på graset. Alle naboane har plenar som nytrimma golfbanar, så eg kan vel ikkje skulda på jordsmonnet heller… Me vurderer sånn gras som ein bare rullar ut, sidan plenen foran huset er sånn ca ti kvadratmeter… Men då må me kanskje spa opp heile greia først? Nokon som veit?
Akkurat nå høyrer eg at det blir skifta lyspærer på gangen. Ein nevenyttig og handlekraftig “svigerson” er absolutt å anbefala for slike folk som oss…
Ingrid og eg har øvelseskjørt i dag. Me kom litt for nære ein stor stein i ein høgresving då me skulle opp ein bratt bakke. Det resulterte i ei ripe og ein liten bulk. Sjåføren var nokså ulukkeleg, men me trøystar henne med at ingen kom til skade, og at ei ripe i lakken har liten betydning i den store samanhangen.
Apropos den store samanhangen. I dag var eg i kyrkja og høyrte om ein misjonær som gav gratis fiolinundervisning til barn som budde i slummen i Thailand. Musikken lyfta dei ut av ein grå og krevjande kvardag, og for nokon av dei som lærte å spela kunne det vera eit springbrett til å læra noko som kunne gje status til dei som var aller lågast på rangstigen.
For to dagar sidan fekk eg årsrapporten frå prosjektet til Linda. Linda, som eg besøkte i Tanzania for snart fire år sidan, som skapte ein heim for psykisk utviklingshemma barn og ungdomar som kanskje elles ville ha hamna på gata. Det var ei stor oppleving å vera der, og dersom ein blar seg tilbake på bloggen min, går det framleis an å lesa. Ein kan og finna ut meir gjennom å søkja på internett på “Mehayo” som ho kallar prosjektet sitt. (MEntally HAndicaped YOuth.)
Av og til tek eg meg sjølv i å vera forferdeleg nærsynt.
Korfor bruker me ikkje meir pengar, tid og krefter som verkeleg kan gjera ein stor forskjell for einskildmenneske?
Det er faren med å leva eit travelt liv, om ein har det aldri så interessant medan ein lever: Ein får for lite tid til å tenkja etter, fordjupa seg i tankar og søkja kraft til å handla… Kanskje er det slike ting ein kunne sysla med medan verkstaden er stengd mellom hegg og syrin?
Heidi