Nittande mai
for femten år sidan sette eg eit jentebarn til verda. Ho fekk namnet Sunniva som tyder solgave, og i tillegg namnet Lovise som var eit av dei tre namna til oldemor som var fødd på same datoen.
Eigentleg skulle keisarsnittet ha funne stad attande mai, men fordi denne dagen på ein måte er evig dagen etter dagen, bad eg om å få byta dato… Ok, så var det aller mest fordi eg hadde fått ein hypokondrisk idé om at kirurgen eller anestesilegen kunne vera i bakrus attande mai, men den grunnen la eg sjølvsagt aldri fram for det medisinske personalet.
Femtenåringen min er i mora sine auge eit lite vidunder av eit menneske. Ho er mild og snill og venleg, og mange andre ting som mange meiner at ein helst ikkje bør vera. Det er meir politisk korrekt akkurat nå å ha litt spisse albogar.
Truleg er det ein formildande omstendigheit at ho alltid har vore veldig sjølvstendig…
Og vaksenlivet venter ein eller annan stad der framme, men inntil vidare er det kjekt å vakna til bøker og kort og smykker og sjokolade på stovebordet. Tante og Vilde kom på middagsbesøk og me åt tacos og tortillas ute i sola. Dei hadde med seg parfyme, ballongar, som vart festa i kjøkkentaket etter at eg hadde blese dei opp, og is med jordbærsorbet og gelé.
Jubilanten måtte reisa like etter middagen til øving i ei nyoppretta teatergruppe ho er bltt medlem av. Dei skal setja opp ein musikal på kulturhuset i haust, og hadde fått streng beskjed om at dei ikkje hadde lov til å snakka om stykket til nokon endå… Ikkje ein gong til mor, så vidt eg kunne forstå.
Nå har ho teke kvelden inne på romet sitt, og spelar “Lift me”, på PC-en sin. “I don`t care if you don´t want me, I`m yours, I´m yours right now…”
Min eigen femtenårsdag hugsar eg godt, fordi det fall seg slik at det var konfirmasjonsdagen min og. Eg hugsar at eg følte meg som vaksen og barn på same tida…
Men kor forskjellig det er på å vera femten år då og nå, og kor forskjellig det er å vera henne frå det var å vera meg. – Ja, sei det du…
Heidi
hipp hurra for søte Sunniva 😉
Kor forskjellig er det å være 15 nå og når jeg var det?
Ikkje så veldig stor, trur eg. Kanskje meir forskjellig å vera deg og henne…