Gå til innhald

Å gapa passe høgt,

juni 3, 2008

og å vita når nok er nok… Det kunne jo vera to passande utviklingsområde for meg.

Eg har vanskeleg for å sleppa taket i ting før eg er heilt fornøgd, for eksempel det teaterstykket me skal visa fram på torsdag. Helst ville eg ha jobba heile natta i håp om å få det som eg ville til slutt.

Og så har eg litt lett for å tru at det meste som går galt på eit eller anna plan er min feil /mitt ansvar. Om eg bare hadde tenkt på det, gjort det litt annleis, hatt litt betre tid, stoppa opp litt lenger…

Noko bra er det med det: Eg har ikkje lett for å skulda på andre. Noko destruktivt er det med det: Eg trur ofte at eg er ansvarleg for det meste…

Kanskje nokon les mellom linjene at eg er trøytt, og det er eg. I dag har eg stort sett vore på arbeid frå åtte om morgonen til ti om kvelden…

Men mykje av jobbinga var rein luksus: Som å vera på gardsbesøk med ein gjeng ungar, klappa nyfødde føl, grilla pølser i hagen og sjå på at ungane hoppa i høyet.

Så har eg blitt intervjua og fotografert. Etterpå lurer eg alltid på kva eg eigentleg har sagt… Ein times pause i sola vart det og tid til jammen… Og framleis er det full sommar her.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Här är det rena tropikerna, och ungarna somnar på lektionerna…
    OK, det var en unge, men ändå. Jag hade kunnat somna jag också. Betygen är satta, så det känns som om vi bara trampar vatten.
    -Alla medaljer har fram- coh baksida.
    Ta det lugnt nu så du inte faller på måldtrecket!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Nei, falla har eg ikkje tenkt å gjera, Tintomara… Men takk for påminninga. Eg meiner å hugsa frå i fjor at de har lenger sommarferie enn oss… Når startar ferien? Me skal ha elevane på skulen i to veker til i tillegg til denne…

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Sista dagen att sätta betygen är idag, och sedan är avslutningen nästa torsdag. Det pågår en massa utflykter och sånt, och i morgon har niorna temadag om Förintelsen. I övermorgon har vi vår nationaldag, då är vi lediga. Eleverna kommer tillbaka till skolan 19 augusti, men då har ju vi lärare varit igång en vecka innan ungefär.
    När börjar ni igen?

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Eg trur me startar litt tidlegare enn det, men er akkurat nå ikkje heilt orientert…

Kommenter innlegget