Gå til innhald

Ørlite ør i toppen,

juni 5, 2008

…og utruleg trøytt i kroppen,- slik kjenner eg det akkurat nå. I tillegg er eg veldig glad og letta, for i kveld hadde me premiere på “Jentegarderoben”, og det meste fall på plass.

Eg veit at det er eit gjengangartema på bloggen min å bekymra seg for forestillingar for så å koma gledesstrålande tilbake og melda at det gjekk bra… Eg ser at det kan virka som eit merkeleg og egosentrert mønster, men eg trur ikkje folk som ikkje har prøvd seg på det veit kva for ekstremsport det er å driva barne- og ungdomsteater.

Eg prøvde å rydda litt på kjøkkenet, men kroppen viste seg å vera ubrukeleg til alt anna enn sofaliv, og til skriving, sjølvsagt, det er eg merkeleg nok alltid opplagd til…

Halvard sit i stova og er nærmast karmosinraud på armane og i ansiktet. Han har vore med klassen sin på sykkeltur til stranda, eg sa at han for alt i verda måtte hugsa å ta med seg solkrem, men han hadde reist utan.

Ingrid tek praktisk eksamen i formgjevning i desse dagane, og Oddvar tek fagprøve som cnc-operatør. Odd Christian ringde gledesstrålande midt i generalprøven, for å fortelja at på eksamenen som han hadde trudd han kanskje hadde stroke på, hadde han stått med veldig god margin.

Nå er snart prøvetida over her i huset. Kjærasten min er sensor og sit med store bunker eksamensoppgåver frå rundt omkring i landet, som han skal retta.

I går fekk eg to presangar, den eine kom i posten frå Eva Mari, og var ein transparent kjole i eit silkeliknande materiale og, i eit spennande snitt eg trur ho kanskje hadde dessigna sjølv. Viss du les dette, kjære, søte svigerinne, så ha tusen takk. Eg ringer og takkar skikkeleg så fort eg ikkje er for trøytt til å snakka, slik eg er akkurat nå. Eg trur eg skal innvia han i Odd sin 80-år-dag på lørdag.

Den andre pakken fekk eg av ein elev. “Eg har ein gave til deg,” sa han. “Noko eg har kjøpt for mine eigne pengar, fordi du har vore så grei med meg:” Eg fekk lilla badesalt, skumbad, badeolje og bodylotione. Det skal brukast med andakt ein dag eg treng å stella ekstra godt med meg sjølv.

I morgon skal elevane mine møta dei nye førsteklassingane, som dei skal bli fadrar for. Dei har laga fine bøker til dei, og fortald om seg sjølv og skulen sin. Nå er dei kjempespente på å møta dei.

Men eg skal ikkje vera i lag med dei då, for eg skal opphalda meg i “Jentegarderoben”. Me skal ha skuleforestillingar. Det kjem til å gå bra, trur eg.

Sommaren er framleis like sommarvarm, og me merkar at elevane er i ferd med å ta mental ferie. I tillegg merkar me at me vaksne begynner å bli slitne. Det er kjende teikn på at ferien nærmar seg.

Nokre av dei sterkaste leseopplevingane mine som barn var å lesa “Berre ein hund” og “Fante- Nils” av Per Sivle. Ein eller annan gong i løpet av skuletida les eg alltid desse historiene for elevane mine, og nå var turen komen til femteklassen min i denne veka. Det same skjedde som alltid, dei sit musestille og lyttar, heilt oppslukte av stemningane i historia.

Det som likevel slo meg er kor langt desse ungane lever frå det gamle norske bondesamfunnet som blir skildra. Veldig mykje lenger borte enn eg sjølv gjorde då eg var på deira alder. Dei veit ikkje utan vidare kva smørkinne, hesjestaur, fant og skulemeister er, og dei kan knapt nok forestilla seg ei tid då det var politisk korrekt å jula opp ungar som ikkje oppfører seg skikkeleg. Ikkje at det siste er noko sakn…

Hadde det vore opp til meg, skulle alle skulebarn fått ein heil skuletime kvar einaste dag så lenge dei gjekk på skulen, som var avsett til god litteratur, eventyr, segn og andre gamle forteljingar. Slik det er nå så snik eg meg til så mykje som eg vågar, det vil seia sånn omtrent 15-20 minutt kvar dag. Elevane elskar det, og for meg er det eit av høgdepunkta på dagen. Men aldri har fagkunnskapsguruane pusta oss så tungt i nakken som nå.
Det er greitt at ungar treng fagkunnskap, men samstundes må me gje dei så mykje allmennkunnskap og så mange wow- opplevingar at dei har noko å henga knaggane på. – I alle fall er det det eg likar å tru.

Snart skal eg sova burt sumarnatta, men først treng eg ein lang og kjøleg dusj.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Håller med om det där med timmen! Det är underbart att läsa högt för eleverna, och ibland ännu underbarare än vanligt när man lyckas pricka in precis rätt bok till rätt elever. -Det är märkligt hur samma bok ibland kan bli succe och ibland falla platt till marken. Ja, det sosta har väl inte hänt så ofta, men det har hänt. Erik Linklaters Det blåser på månen föll i en klass och hae älskats av klassen innan. Märkligt.

  2. Ukjend's avatar
    designa permalink

    Kjolen er av silke og viskose.Heimesydd. Eg blir bekymra av ditt tempo. No beordrar eg deg til å bruka det lilla badesaltet og alt det andre (sjukepleieren i meg talar…). I kveld har eg vore på den tradisjonelle rekefesten hos ein av overlegane på jobb. Veldig koseleg!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Nå roar tempoet seg betrakteleg ned. Skal bare ha eit par skuleforestillingar, så er eg ferdig med teatersesongen. Ser fram til rolegare dagar, og til ferie om to veker. Rekefest høyrest ikkje dumt ut. 🙂

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Og Tintomara: Linklater har eg ikkje lese noko av, trur eg. Det må eg kanskje gjera. 😉 Eg har og opplevd at ei bok av ein eller annan grunn kan vera feil i ein klasse, og at klassar må «lesast inn» litt. Eg ville ikkje slå til med krevande litteratur i ein klasse der eg ikkje kjende elevane, men eg har to gonger med stort hell lese «Haugtussa», og ein gong «Fred» av Arne Garborg for elevar på ca ti år. Begge er sett på som ganske tung litteratur til og med for vaksne. Det ville truleg vore mykje vanskelegare i ungdomsskulen der elevane har meir «fordommar» med tanke på om noko er kult eller ikkje.

Kommenter innlegget