Gå til innhald

Ærefrykt for livet…

juni 7, 2008

Var livsmottoet til legen, filosofen og kunstnaren Albert Shweitzer. Han sa sjølv at han bare drap mygg dersom han var i eit land der myggen kunne bera med seg malariasmitte, elles meinte han at dei hadde rett til å leva.

Sjølvsagt er det ikkje mannen sitt forhold til mygg som har gjort han berømt… Det han blir hugsa for er kampen for å gjera verda til ein betre stad å vera. Men dette, kanskje litt pompøse mottoet, har stått spikra i minnet mitt heilt sidan eg lærde om Albert Shweizer i eit klasserom på Ålgård skule, eller kanskje eg las ei bok om han før eg kom så langt?

Av og til slår det meg at me i vår generasjon er redde for store vyer og store ord. Idealismen er noko dei fleste av oss tek ut i små porsjonar og ikkje snakkar alt for høgt om.

Men eg seier som Oscar Stein Bjørlykke sin litterære karakter Hans Klure sa då han las innskifta “Soli Dei Goria” i kyrkja: “Da e nåke me da!”

I dagar som den i går kan eg kjenna på mottoet “Ærefrykt for livet”, og nikka forsiktig for meg sjølv.

Skuleforestillingane gjekk fint. Kvar gong eg sit der med ein gjeng skodespelarar og kjenner på den spesielle kjensla av at “nå skal me skapa noko viktig saman”, skjønar eg korfor eg orkar å halda på med to dramaklassar kvar tysdag etter ein full arbeidsdag i skulen. Det er noko med magien i kunsten og i det mellommenneskelege som gjer det heile verd å bruka krefter på.

Etter litt rydding og gjennomgang av søkjarlistene til drama neste år, reiste eg heim. Etter litt vasking og handling la eg meg på eit teppe i sola og sov med mobilalarmen på.

Om kvelden reiste eg geim til staden der eg vaks opp og brukte kvelden med Jane og Karin som eg vart kjend med då me begynte i same klassen på barneskulen. Det er så fint å kunna halda på vennskap som går så langt tilbake i tid.

Først sat me på verandaen i kveldssola. Eg tenkte at så fin veranda skulle eg ønska at eg og tok meg tid til å få til. Duk og tepper og puter og parasol og roser og stauder i krukker og potter. Ovanfor var det plommetre og syrintre og staudebed. Kven veit. Kanskje me blir hagemenneske i sommar?

Me sat der og diskuterte kva det ville seia å vera livsnytarar. Er det det motsatte av å springa etter klokka. Er ein livsnytar ein som drikk kvitvin midt på dagen i staden for å jobba overtid. Me kom vel fram til at det må vera ein eigenskap inne i ein sjølv som ein må hugsa å bera med seg gjennom dagen. Evna til å nyta mens ein lever. Ein kan truleg vera like mykje livsnytar med hendene planta i brøddeigen heime på kjøkkenet som på uterestauranten i ein eller annan storby? For ikkje å snakka om når ein vrir opp ein klut i godt varmt grønsåpevatn… -Den siste setningen var ei oppmuntring
til meg sjølv, i fall nokon skulle undra seg…

Då eg kjørde heim klokka eitt om natta, etter jordbær og kaffi og masse herleg prat, var det framleis omtrent lyst ute. Det var så vakkert at eg hadde lyst til å gråta. Lyrikaren som skreiv “Mens Gud ennå trodde på menneskene, skapte han juninettene”… Det teologiske innhaldet i sitatet tek eg ikkje stilling til, bare det lyriske…

I dag vil eg påstå at eg har oppført meg som ein livsnytar.
Eg sov lenge, smøya den oransje sommarkjolen min over hovudet og tok med meg kaffikoppen ut i sola. Der har eg site sidan, eg har konversert det vidunderlege mennesket eg har til yngstedotter, og så har eg lese aviser og knaska epler og rugsprøknekkebrød med blåskimmerost.

I dag vil eg særleg anbefala å lesa magasinet der ein journalist har gått frå tom til rom på ein pleieheim og spurt bebuarane kva som hadde vore viktig i liva deira.
Eg har alltid likt å lura historier ut av eldre menneske. Ei slik bok kunne eg ha lyst til å skriva ein gong. Det er herleg befriande å lesa om ekte menneske, ikkje bare om overflata av menneske presentert på glansa papir.

Framleis er me tidleg i juni, og me har hatt lang sommar allereie. Det er som om noko inne i meg dett på plass når det er sommar… Sidan eg er i full gang med å bruka lausrevne sitat på ein halvtåpeleg måte: “Dette kallar eg kjærleik, eg veit ikkje kva det er…”

Og nå veit eg akkurat kva eg må fortelja før eg sluttar å skriva. Ein ettermiddag sat eg ved kjøkkenbordet og drakk kaffi. På radioen høyrde eg Marilyn Monroe synga: “I wanna be loved by you, just you, and nobody else but you…” Eg visste ikkje ein gong at Marilyn Monroe kunne synga… Plutseleg bare visste eg at akkurat den musikken var det me mangla for å ramma inn “Jentegarderoben”. Så dette merkelege vesle stykket vårt begynte og vart avslutta med Karin Boye og Marilyn Monroe, og i tillegg ein spylelyd frå doen på skulen som eg sende Jan Ivar ut for å laga opptak av. Det sat som smock…

Så eg torer å konkludera med at “Jentegarderoben”, som ein stad i prosessen omtrent gav meg grå hår ende opp med å bli ikkje heilt formfullendt, men lettare eksperimentelt og ganske sjarmerande.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Vet du, «Vördnad för livet» fick jag i gåva på min konfirmationsdag av min ena fadder. Jag tyckte nog inte då att den var så särskilt intressant, men man blir ju klokare…
    Det är på grudn av vördand för livet som jag har svårt att slänga gamla krukväxter som blivit fula. Jga kan ställa dem lite i skymundan, men så länge de lever kan jag inte göra mig av med dem.
    Jag drar uupp ogräs, det gör jag.

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det gjer eg og prinsippet…
    Og dreper hodelus med lusemiddel, men eg har og problem med gamle potteplanter og fluer og edderkoppar… Eg veit at det er litt sært.

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Spindlar skadar jag aldrig, de är lyckodjur!
    (Och jag tror desutom att de tar andra små kryp man inte vill ha inne.) Fast de behöver ju inte bli hur stora som helst.
    De enda insekter (eller djur över huuvd taget) som jag har svårt för är bromsar och fäflugor. De bits! Med flit! En getintg t ex gör oss ju aldrig illa om den inte blir rädd. Men det gör bromsar!
    (Huvudlus skulle jag och så dräpa utan förbarmande. men ajg har varit förskonad fast vi haft det i skolan.)

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Då eg tok lusekur på ungane slo tanken meg at «nå utryddar du ein heil biotop,» men eg skjøna jo at det var ein sjuk tanke. 😉

Kommenter innlegget