Gå til innhald

Finaste veret i Norge.

juli 3, 2008

Sommardagen har vore sommar slik han bare er i aller beste fall i dette hjørnet av verda. I kveld kunne nokon stolt fortella at det vakraste sommarveret i landet akkurat nå har funne oss. Og me veit å nyta, for me er ikkje så bortskjemde med den slags.

Eg fekk lokka med meg Ingrid på eit hagesenter i nabolaget. Me plukka med oss gule, blå, lilla, raude og oransje blomar, og fine krukker og potter til å setja blomane i. Hengekøyer hadde dei og, men me treng ei med stativ til, for me har ingen tre å henga ho i. For to år siden høyrde eg og Odd Christian på radio medan me var ute og kjørte bil, eit program om ei forening som heitte hengekøyas venner. Etterpå har me begge følt ei viss dragning mot den kubben.

Då eg sat oppe og skreiv salmer i natt, kom eg over ei vaffeloppskrift på internett. Desse vaflene var frå ei norsk sjømannskyrkje ein eller annan plass i verda, og den måtte eg prøva ut. Så var det planting av blomar, søling av mold og rydding etterpå. Alle tidsplanane mine ryk tvert over på midten. Plutseleg var klokka så mange at eg måtte sykla så fort eg kunne for å kjøpa den planlagde buketten til Astrid med brudeslør og rosa peonar.

Astrid hadde invitert mange trivelege damer til jordbær og sjampanje, kaffi og heimelaga iskake. Me sat ute til seint på kveld, og overraskinga var at ho hadde fått mannen sin til å lesa dikt for oss ut på kvelden. Elise sprang heim etter mange songar på ark, og ein tamburin med mange bjeller, og Jon henta fram gitaren til oss. Så vart det sunge songar frå 70- og 80- talet: “Så fortell ikke meg at du er eeensom, og at solskinn aldri når fram til deg…”

Då eg var innom onkel i går, lova eg han ein biltur ein fin sommarkveld. Den kvelden vart i kveld. Me kjørte gjennom det grøne landskapet i mjukt, gult sollys, og såg sola henga lågt over havet som ei stor blodappelsin. Det var så vakkert at det vart reint vemodig, fordi sommaren er så forgjengeleg… Og dagane renn som sand mellom fingrane. Eg ville gjerne mala dei, skriva dei og halda dei fast. Og eg rekk sånn omtrent halvparten av det eg hadde tenkt. Det seier ein del om meg. Kvilepulsen var det som skulle gjelda desse vekene.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget