En for deg, og en for meg…
to små blå forglemmegei…
Tåpeleg song, det veit eg godt. det var bare det første eg kom på då eg sette fingrane på tastaturet.
Og blå er eg dag, kort blå kjole med prikkete blå volangbluse over frå Gudrun Sjödén. Svart sykkelshorts og dei raude danseskorne, frå Gudrun Sjödén dei og. Eg brukar dei eigentleg mest når eg spelar teater, for raude danseskor er eit leiemotiv når me er ute med HC Andersen, men to par andre skor har gitt meg gnagsår fordi dei er for nye til å vera bekvemme, og dei blå denimskorne frå USA med knappar og hjarter på har eg gått sånn omtrent heilt i filler.
I dag er det nitten år sidan dei henta Ingrid ut gjennom eit snitt på magen. Det var eit planlagd keisarsnitt, men før dei fekk opna hadde eg rukke både fostervannsavgang og ein omgang opningsrier. Tanken var at ho skulle fødast normalt om ho kom til termin, men då ho ikkje gjorde det ville dei ikkje la meg føda vaginalt på grunn av eit tidlegare keisarsnitt, og fordi eg bar på eit ekstra stort barn…
Ho var nærare fem kilo enn fire kilo, var rosenraud og rund og skreik med høg og klar stemme… Eg ville helst ikkje sleppa henne ut av syne den veka me var på barsel, fordi eldstemann fekk pustevanskar og vart flytta til kuvøse og nyføddavdeling midt på natta utan at eg fekk vita det… Det gjorde at eg var livredd for å la andre enn meg sjølv ha overoppsynet med dei tre neste barna. Det var nemleg eg som først observerte pustevanskane, men då ville dei ikkje høra på meg. Veldig irrasjonelt det veit eg.
Eg skulle ha første natta i fred og ro sidan eg var nyoperert, derfor fekk eg ikkje barnet inn. Dagen etter tok eg saka i eigne hender. Klokka åtte om morgonen klarte eg ikkje å venta lenger. Då klarte eg å kreka meg bort til barnestova for å be om å få barnet inn til meg. Eg vart møtt med forskrekka tilrop frå ei sjukepleiarske. “Dersom det var du som vart operert i går, så kom deg tilbake til senga. Det er ikkje normalt å vera så frisk dagen etter.” Men barnet fekk eg inn til meg, og alt var såre vel…
Og sidan har eg sanneleg måtta venna meg til å ha augene mine frå henne… I dag morges ringde broren til Oddvar og sa at han og kjærasten hadde fått ei lita Angelica klokka åtte i dag. Så han som var blitt onkel og ho som nesten var blitt tante måtte inn til sjukehuset for å helsa på den vesle nyfødde. Eg hadde håpa at dei kom heim med foto, men dei hadde gløymt å ta med kamera…
Me har ete marengs med frukt og krem ute på verandaen til ære for Ingrid. Det har vore rette plassen å opphalda seg i dag, for det har vore så varmt og fint. Eg klarte å fortelja meg sjølv at det var viktig å slappa av i sola…
Då både Ingrid og Sunniva vart fødde var det heitebølge i område. Dei vart begge fødde inn i sol og knallvarme. På barsel hadde dei opne vindu og besøkjande kom lettkledde inn og fortalde om varmen der ute. Me måtte gje Ingrid ekstra sukkervatn på flaske fordi dei var redde for væskebalansen til ein nyfødd med så høg fødselsvekt før morsmjølka var på plass.
At dette alt er nitten år sidan kan eg ikkje heilt fatta, eg hugsar desse dagane så detaljert. Eg hugsar kva eg las i blada eg fekk, og hugsar kva dei sa på radioen. Å føda barn må vera noko av det merkelegaste ein gjer her i livet.
Heidi
GRATULERAR MED DAGEN T DOTTER DI!! Spania helsar!!
Vinkar tilbake til Spania. Snart snakkast me.