Gå til innhald

juli 9, 2008

Tankestrek

Det er det sommardagane er. Ein tankestrek i eit turboliv.
Det kjennest godt å kunna gå på lågare turtal, sova til ein vaknar av seg sjølv og å ha god tid til å leita fram kvilepulsen.

For fem minutt sidan mista eg dette innlegget fordi det skjedde noko uventa då eg trykte på spara-dagboken.
Dataen min oppfører seg merkeleg for tida, eg får spara tekst kvart tredje minutt nå i natt slik at eg veit kva eg har…

Det første eg gjorde i dag etter å ha ete frokost med Odd Christian, Marianne og Ingrid, var å sjå film. Det å halvliggja i sofaen midt på blanke føremiddagen, kjendest så slakt at det grensa til det syndige, men snart var eg så oppslukt av filmen at eg gløymde alt anna.

Odd Christian og gjengen hans hadde lånt filmen “Drageløperen” i går, og lurte på om eg hadde lyst til å sjå filmen før han skulle leverast tilbake. På den måten hadde eg i det minste økonomisk gevinst av føremiddagskino…

Sjølvsagt sa eg ja, for dette er ein film eg heile tida har tenkt at eg skal sjå. Eg hadde likevel litt moderate forventningar, fordi eg hadde lese boka med stor innleving, og rekna med at filmen bare var ein skugge av sjølve forteljinga.

Så vart eg fullstendig fanga. Filmen var så vakkert laga, og scenene frå Afganistan og Pakistan fekk meg til å føla at eg rett og slett var der det skjedde. Barneskodespelarane var nydelege. Etter ti minutt kom Halvard og lurte på kva eg såg på, og eg inviterte han inn under teppet. Så sat me der og grein om kapp. Dei to, kvar for seg sterke historiane om eit land i ulukke og øydeleggjing om om sviket overfor Hassan som Amir måtte leva vidare med var begge så sterke.

Afganistan er eit land ein verkeleg kan gråta over. I ein kort periode av livet mitt, for snart nitten år sidan vart eg kjend med ein veldig ung mann som hadde vore barnesoldat i Afganistan. Han vakna om nettene av mareritt om at han skaut andre menneske… Det er ein annan historie eg ikkje skal gå nærare inn på akkurat nå.

Eg trudde Halvard var litt for ung til å ha utbytte av filmen, men han var like oppslukt som meg, og ville straks gå i gang med å lesa boka.

Eg og Sunniva måtte nå lensmannskontoret før det stengde klokka to. Faren til Sunniva hadde funne ut at det var lurt å anmelda tjuveriet ho opplevde i sist veke. Sjølv tenkte eg bare at tapt var tapt, men politiet meinte at ho truleg ville få igjen mesteparten av verdien på godt og vel 2000 kr på forsikringa.

På lensmannskontoret var eg framleis så oppslukt av filmen at eg måtte konsentrera meg om å oppføra meg normalt. Dessutan var eg svolten og svimmel og hadde endå ikkje nådd innom dusjen, men me fekk utført ærendet vårt.

Ein veldig koseleg post på dagens program var å møta Gunn nede i sentrum. Me hadde sett av ettermiddagen til å eta saman. Dessutan hadde eg fått ei lita utfordring i bearbeiding av flyskrekk, sidan eg er blitt så modig sjølv…
Det akta eg å ta på alvor…

Det første me fann det for godt å utretta var å kjøpa kvart vårt brett med synåler. Så vart det besøk på Kjøkkenet der eg hadde suppe med reker, og ho hadde suppe med kylling. Så gjekk me rett til neste kafé der me drakk kaffi, og til slutt fekk eg halt ho med på dagens trimrunde i skogen. Så måtte eg minna henne om at ho ikkje hadde flyskrekk lenger, før eg sykla til butikken for å handla. Nå har eg fire store handlenett frå Kiwi og eit frå Obs hengande på kjøkkenet, men trur du eg hadde nokre av dei med meg…

I dag vart det plastposar, men eg skal nok læra. Eg har avslørt meg sjølv som impulshandlar, det er der problemet ligg, plutseleg står eg bare i butikken utan å ha planlagd det.

Nå skal eg ut og henta Sunniva. Barnet mitt har vore ute på vift med venninner til klokka er mest halv to om natta.
Her går det over stokk og stein når det er sommar.

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Drageløperen var heilt fantastisk. Det som er ekstra trist er at det nesten er like ille der no. På fredag blir det Mamma Mia i Sandvika.

  2. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Takk for sist, og takk for flystøtte. Det skal nok gå fint .
    Et godt tips; legg ett av alle Miljøhandlenettene dine i sykkelkurven, og ett i bilen, og andre lure steder. Du kan jo pakke de inn i en av alle plastposene, vett du. Gode ønsker til deg! Snakkes.

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Eva Mari: Det høyrest kjekt ut med Mamma Mia.
    Gunn: Den idéen har eg hatt sjølv og. I dag sykla eg kjekt i veg med eit grønt nett i sykkelkorga og kom lukkeleg heim med nettet fullt av varer…

  4. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Apropå Afghanistan, så har vår skola en vänskola där, en flickskola, Bibi Fatima. Vi samlar pengar till den varje år och den drivs i stort sett helt på vad den får av oss. Bra, va?

  5. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    ……..og i dag fikk jeg jammen meg bruk for synål, og slapp leting og styr. Lurt å ha vært på handel ilag med deg.

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tintomara: Ja veldig bra. Og dobbel gevinst på at elevane kjenner seg medansvarlege og får erfaring med å hjelpa. Me har hatt ulike prosjekt. Me har fleire år samla inn til Linda i Tanzania. Eg håpar me får til det i år og.
    Gunn: Mine nåler ligg fint og ventar på ein blå knapp i skapet på badet som skal festast til ein nyvaska bluse.

  7. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Glömde skriva att vi varje läsår occkså har ne Afghanistanvecka, då vi uppmärksammar landet på olika sätt. bl. a med besök av experter på landet och afghanska ungdomar som bor i Sverige. Väldigt intressant. Skolan har också skickat teckningar och fina handarbeten till oss, och foton och film. Jag ´vet att det ha rstor inverkan (åt rätt håll) på eleverna.

  8. Ukjend's avatar
    Heidi. permalink

    Det var ein god idé å fokusera så mykje på landet. Eg har veldig tru på den typen prosjekt eg og. Eg trur det er noko av det viktigaste me gjer. Både fordi nokon får reell hjelp, og fordi det er haldningsskapande for elevane. Det er dei som skal overta samfunnet. Eg håpar me har klart å læra dei noko om kva som er viktig og kva som ikkje er viktig. Det er så mange stemmer som fortel dei så mykje merkeleg.

Kommenter innlegget