Gå til innhald

Tenkt i løpet av dagen:

juli 11, 2008

I kveld skal eg leggja meg tidleg, eller i det minste til normal leggetid.

Tenkt klokka ti på halv to om natta: Eg har jo ikkje skrive vanleg blogg om dagen som har vore. Det må eg då kunna ta meg tid til, det er jo trass alt sommarferie…

Men eg skal vera litt kort likevel…

I dag har eg:

Drukke morgonkaffi med Odd Christian og Marianne.
Sagt ha det bra til Marianne, og god tur heim, og velkomen tilbake viss det passar slik. Odd Christian sa at han hadde håpa at myggen likte Marianne slik at han kunne få avlastning, men det gjorde han tydelegvis ikkje, for han hadde som vanleg fått alle stikka. Eg sa at då hadde eg tydelegvis betre smak enn myggen…

Vore på besøk hoa Marit i lag med Astrid og beundra den nye leiligheiten ho bur i. Me hadde med oss ein rosenbusk under armen som lukta veldig godt. Så åt me nybakte rundstykke og jordbær, medan me snakka i tre timar om viktige ting. Kjære alle gode venninner, dokke er glasuren på kaka mi, og stjernene på himmelen min. Damer på pluss minus min eigen alder er dei klokaste eg veit.

Brodert lange rekkjer med skjell til bunadbeltet. Oppdaga at eit av dei var i feil farge.

Vore litt svimmel og uvel, truleg på grunn av tilvenning til nye briller, eller på grunn av for korte netter…

Sykla tur i høljeregn, men måtte snu fordi det vart så kaldt og vått.

Fått æren av at Venus, katten med buskete hale kom stolt til meg med ei linerle ho hadde jakta på og drepe.
Eg fann ut at på grunn av jaktinstinktet så hadde det sikkert lite for seg å skjenna på den stolte jegaren. I staden gjorde eg det ein ein ofte gjer med uønska åtferd frå barn, oversåg fuglen heilt. Venus skubba fuglen fleire gonger med labben og såg bort på meg. Etter at fuglen var fjerna såg det ut som om ho leita etter det forsvunne byttet…

For tredje gong nå i ferien har katten ein flått på halsen. Det må vera mykje meir flått i området enn eg har vore klar over.

Eg har kokt semulegrynsgraut for første gong på kjempelenge og ete i lag med Odd Christian. Ute var det plaskregn og halvmørkt. Me tende lys på kjøkkenbordet.

Gitt Halvard pengar til å kjøpa ein paperbackutgåve av
“Drageløperen.” Han meinte sjølv han var klar for å lesa vaksne bøker, og var utruleg gira på akkurat denne etter å ha sett filmen.

Avklart med kateketen at Halvard skal konfirmerast i mai.
Det vil seia at me får to konfirmasjonar i løpet av sju månadar. Kanskje bortimot ny norsk rekord.

Gjort ferdig den eine salmen og skrive ein ny. Men det er for tidleg i prosessen til at eg veit om det er bra eller ikkje. I morgon må eg prioritera manuset til Gjesdal og opplegget til Solgården.

Det høyrest ut som ein plan. Kanskje eg rekk å rydda soveromet og skifta kattesanden og?

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget