Du er ute…
midt ute i livet faktisk, og der skal du vera. Du er ute og inne på same tid. Du er levande. Du har eit liv mellom hendene, og du er oppfordra til å bruka det.
Pust inn tilliten, pust ut stresset og lev så livet ditt langsomt.
Siste linja er fritt etter Lönnebo. Eg er glad og letta etter at det vesle salmeforedraget mitt, eller kva ein nå skulle kalla det gjekk veldig fint.
Eg har fått med meg kunstutstilling og. Per Odd Aarrestad sine bilete og installasjonar. Det var fint. Leif Andenes, som sat vakt, fortalde meg om det første han kunne hugsa frå før han var to år:
Tome greiner som laga mønster mot livet.
Heidi
Kommenter innlegget