Eg sit her og ventar på dagen
og på at huset skal vakna. Det er i og for seg ein uvant
situasjon. Eg har vore meir eller mindre oppe i smug i ein time, det vil seia sidan klokka seks, men med masse sovande folk i huset, to av dei i stova, må eg halda meg i skinnet litt til før eg set i gang aktivitetar som kan vekka folk og røvarar i Kardemommeby.
Eg høyrer at den firbeinte gjesten vår, Marco er oppe allereie, klørne hans skrapar mot trappetrinna. Halvard hadde lyst på foccaciabrød, eg hadde faktisk hatt tid til å baka det nå, men kanskje det blir bare rot og mas i eit allereie belasta kjøkken der folk snart skal serverast frokost?
Nå har kjærasten min lista seg ned for å stryka skjorter, og jammen høyrer eg ikkje lyden av Eva Mari og. Stakkars alle eventuelle B-menneske, som ikkje har tenkt å vakna på ei stund endå her hos oss… Nå begynner dagen, er eg redd. Dei har meld fint ver med ei og anna regnbyge. Kryss fingrane for at Halvard og alle saman får ein fin dag.
Heidi
Fingrarna i kors här
Instämmer med morsan!
Kjære Heidi,
Eg er sikker på at dagen vart akkurat så fin og god og spesiell for både hovudpersonen og alle dykk andre som du håpa! Klem te deg. PS: Om eg ikkje er så god på å legga att kommentarar, så vit at eg følger bloggen din med stor glede! 🙂
Takk alle saman. 🙂 Nå skal dagen klistrast inn på bloggen min.