Gå til innhald

Rain keeps falling like helpless tears

mai 8, 2009

and what have they done to the rain (g-moll)…
Eg trur i alle fall det var den akkorden som kom etter den linja då eg hadde gitarundervisning med Terje Korneliussen for ca 24 år sidan. Han sat på kateteret i lilla skjorte og spelte gitar, me sat rundt i klasseromet på kvar vår stol, og prøvde å gjera det same…

Gitar har eg aldri blitt flink til å spela, ikkje noko anna instrument heller, sjølv om eg har prøvd meir eller mindre heilhjarta å læra meg det heilt sidan eg fekk mi første blokkfløyte då eg var åtte år og me spelte “Liv og Per tok toget sammen i fra Holmestrand til Drammen.” Songen var på to tonar, a og høg c, så det var eit nokså overkomeleg fløyteprosjekt med Gerd Signy Kvam ståande framme ved kateteret med ei fløyte ho sjølv spelte på. Me andre tuta med så godt me kunne. Andre verset sit og som spikra: “Konduktøren spurte etter om de hadde kjøpt billetter…”

Eg har alltid drøymt om å vera skikkeleg musikalsk, men ein får ikkje alt eim drøymer om. Tekstar derimot, klistrar seg til hjernen. I situasjonar med spontan allsong rundt eit bord eller eit piano blir eg oppriktig sjokkert over kor lite tekstar folk kan, men det hjelper ikkje om eg kan dei så lange eg er heilt indisponert i rolla som forsongar. Det som fungerer best er at eg seier ein og ein setning til dei som er velsigna med stemmen… Det er eit merkeleg puslespel me har fått utdelt kvar våre brikker til å leggja…

Men poenget med opningsstrofa, var at regnet fell som hjelpelause tårer her hos oss og i dag. Eg har den velsigna frifredagen min og konsentrerer meg om å gjera ingenting innimellom alt det andre. Det er heilt nydeleg. Det hadde vore fint om veret var bittelitt betre i morgon. Regn og vind og åtte grader kan bli ei utfordring for prosjektet mitt som heiter “Skrivetur til Egersund”. Eg og dei ti skriveelevane mine skal ta toget om morgonen og skriva om togturar, natur, våren, byen, havet, menneska, livet og kjærleiken… Det hadde jo vore fint med tørre skriveblokker… Me får skriva om regn, frysing, kalde fingrar og venta på toget. Det kan bli fint det og…

Både i klassen og på skrivekurset, har me jobba med Torvald Tu denne veka. Han skreiv mellom annan “stubbar” på dialekt der han skreiv ned på ein humoristisk måte kva folk snakka om og var opptekne av. Eg hadde tenkt å prøva ut noko liknande på turen i morgon… Kva snakkar jærbuar om på toget ein maidag i 2009, liksom…

Og så skreiv han så fine dikt. Ein del er lite tilgjengelege for barna fordi dialekta har forandra seg så mykje dei siste 100 åra. Eg vil likevel gjerne at dei skal få oppleva kor vakkert det er. Då eg var lita gjekk eg og morfar på tur til Mosberghaven der huset til Torvald Tu framleis stod. Me hadde med oss kjeks og saft på flaske, og så gjekk me inn i hagen og kikka.

Eg siterer litt etter minnet.

Te jærs, te jærs,
eg vil heim te jærs,
eg kjenne så væl eg må.
I dag fekk eg brev med noge særs,
ein lyngblom, ein jærblom ein heimablom,
med helsing: Det bløme nå!

Men lirkå synge på Jæren,
og ho e ein foggel frå Gud,
øve brune markje,
tirla ho gleå si ud,
den littla velsigna lirkå.
Torvald Tu

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget