Eg har punktert for eit kvarters tid
framfor datamaskinen på jobben. Det har vore ein veldig intens dag med skule og møter og generalprøve og premiere på stykket vårt “Med hjartet i handa”. Tempoet har vore det ein på helsestudioet kaller “high impact”…
Eg trur det gjekk bra. Det er alltid ulideleg spennande å sjå om me kjem vel i hamn med eit teaterprosjekt. Som regel ser det litt stygt ut sånn mot slutten. Men som Eilen sa i dagmorges; “Dersom du hadde vore totalt kontrollfrik, og aldri våga å ta sjansar, så hadde vel kanskje ikkje barneteaterbransjen vore noko for deg.” Og det kan jo vera eit poeng i det… Det å ta sjansar er truleg ein viktig del av å leva… Eg slepp å hoppa utfor preikestolen med fallskjerm for å adrenalinkick…
Nå skal eg heim og pakka og ordna litt, for i morgon etter dei tre skuleforestillingane våre, reiser me for å henta Ingrid på folkehøgskulen. Skuleåret er over, og me er inviterte til avslutningsfest. Ungdomane skal vera høgtideleg kledde i bunad, så den må og klargjerast. Denne gongen er skjorta vaska og. Me overnattar hos gode venner i Grimstad på vegen bort, og kjører i eitt strekk heim på lørdag. Me er nok ikkje heime før langt over midnatt 17.mai. Eg trur me går for ei roleg 17.mai- feiring i år…
Dagens Torvald Tu, for nå går eg ut i frå at lesarane er sånn omtrent blitt avhengige:
Og skogen veks seg fager,
han ter seg mang ein stad,
så vent det er,
eit under reint å sjå det.
Og i dei grøne marker gjer fuglane deg glad,
dei syng og leiker beint som dei kjem på det.
Der vene bekkjer blenker
i heia rundt i kring,
der driv me tidt og tenkjer
på mange ljose ting,
i sær ein stille sumars-kveld på Jæren.
I dag hadde me norsktime om Pinn- Ola. Nå meir enn seksti år etter at han døydde er det lett å gje bygdeoriginalen diagnosen autisme etter det som blir fortald om han.
Elevane mine blir oppriktig sjokkerte over at til og med vaksne folk likte å erta han til han vart rasande.
Reaksjonane deira får meg til å tenkja at ; visst er det håp
for verda…
Heidi