Gå til innhald

Hegg og nasjonalromantikk.

mai 16, 2009

Dagen har vore god. Først hadde me tre forestillingar. Den eine vart filma av ein profesjonell film- mann så nå er “Med hjartet i handa” fokusert for framtida.

Det er rare greier å jobba med ei forestilling. Etter å ha blitt skapt gjennom mange månadars arbeid, blir ho fiksert på generalprøven. Først då ser me korleis dette kjem til å bli. Som ei døgnflue flyg ho mot taket ein gong eller fire, før ho går over i historia, sannsynlegvis for alltid. Men det mest fascinerande med levande teater er vel kanskje at det skjer akkurat her og nå… Det meste på scena skjer utan sikkerheitsnett…

Etter forestillingane var det lynpakking av bil, og så har me kjørt oss gjennom nasjonalromantikken med femtitusen sjatteringar av grønt, klarblå maihimmel, trolske mørke vatn og stort ope hav. Me har kjørt gjennom eit landskap så maivakkert at det grenser til kitschmaleri heilt til Ingjerd og Frode i Homborsund.

Frode hadde malt stakittgjerdet kvitt rundt det koselege sørlandshuset deira. Me gjekk vegen gjennom hagen og inn på kjøkkenet for å sleppa å bli smitta av kvitmaling i den nymalte grinda.

På kjøkkenet stod dei tre yngste døtrene til Frode med forklær på seg og laga ei uallminneleg god kyllingsuppe til oss med masse selleri og persille og krydder og med heimelaga grovbrødskrutongar til.

Etter suppe og kaffi gjekk me tur ned til sjøen, like ved Homborsund fyr. Det var heilt lyst ute, sjølv om klokka nærma seg 11 om kvelden, og lufta vibrerte av heggeduft.

I morgon tidleg kjører me vidare mot Danvik folkehøgskole og Ingrid sin avslutningsfest.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Är festen på nationaldagen! Så kul!
    Ska tänka på er!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Nei, fest dagen før. 16.mai

Kommenter innlegget