Gå til innhald

Bollesuppe, kringle og lappar…

mai 21, 2009

For i dag har eg leita meg fram til husmorgenene. På midtimellomdagen mellom Sunniva og min gebursdag og på sjølvaste Kristi Himmelfartsdag, hadde eg invitert familien min til ei lita feiring.

Etter å ha romstert rundt i huset frå klokka ni til klokka fem, hadde eg eit relativt presentabelt hus, ei stor gryte bollesuppe, nybakt brød, ei gjærkringle med vaniljekrem i midten og ei med mandler, rosiner, smør og sukker. I tillegg hadde eg eit fat med nysteikte lappar. Bordet var dekka, og det var levande lys i lysekrona som kompensasjon for regnet ute… Koseleg.

Mor og eg snakka om at akkurat slik bollesuppe som bestemor kokte, og som eg og mor framleis lagar med ujamne mellomrom, har me ikkje fått nokon annan plass.
Men nokon må det vel vera som brukar same oppskrifta?

Kok salt lammekjøt, ha i litt risengryn og oppskårne gulrøter, kålrabi og eventuelt mainepe. Bland egg, sukker og kveitemjøl. Lag bollar med ei skei og ha oppi den kokande suppa. Det smakar kjempegodt, men er det verkeleg bare oss som lagar akkurat slike bollar til suppe på salt lammekjøt?

Dette kan sjåast på som ein del av eit forskningsprosjekt på lokal matkultur…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torun permalink

    Jau, det du skildrar her kalla me i min barndom for «klimpesuba», berre så mykje som du veit det! I morgon er det dagen din, kjæraste ven! Skulle så gjerna ha vore der og gjeve deg ein knib….. Har du nokon som helst planar om når me ska treffast neste gong?? Ingen Oslo-turar i kikkerten?

  2. Ukjend's avatar
    maybrit permalink

    det var eu nydeleg suppe og herleg kringle ❤ og det var godt å være i lag <3<3<3 verdens beste famile <3<3<3

  3. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Hei Torun :Skal ein veldig snartur til Oslo i juni for å feira Joffe sin 60-års-dag, men det blir sånn omtrentfram og tilbake på dagen. Kjem nok seinare og, men har ikkje hatt tid til å skaffa meg oversikt. Eg satsar på eit skikkeleg treff seinare i sommar. Kjenner du ikkje som Torvald Tu: Til jærs, til jærs, eg vil heim til jærs, eg kjenner så vel eg må… Og eg veit at det er vanleg å kalla det me kalte bollesuba for klimpesuba, men laga dokke klimper av mjøl, sukker og egg? Utruleg godt. Nå som me lever på pizza og taco og tapas og chicken tandoori, blir det snart festmat å servera morrpølsa, torrfisk, komla og fiskakage i brune sos…

    Tusen takk, May Brit.

Kommenter innlegget