Gå til innhald

What a wonderful world.

juni 14, 2009

Feiringa av Joffe sin 60.års dag vart ei veldig fin oppleving. Sidan dei bur i Venezuela nå, ser me alt for lite til dei.
For å vera sikker på at svigermor og svigerfar skulle orka å koma dit, hadde dei rett og slett lagt feiringa til stova deira.

Borda var dekka med kvite dukar, markblomar, liljekonvall og gule, raude og blå tallerknar og glas. Først fekk me store kvite nykokte asparges med gul hollandaise- saus. Så kom det
inn store fat med allslags skalldyr, reker, krabbe, sjøkreps og kongekrabbe, saman med sitron, loff, kviteseidsmør og majones. Det smakte så heilt utruleg godt, og plutseleg var det så veldig sommar.

Svigerfar haldt tale om den første tida med den nyfødde vesle guten for seksti år sidan i ei bittelita leiliheit der dei i staden for gardina dei ikkje hadde råd til, hengde opp gasbindlengder som svigermor hadde malt border på.

Det var så fredeleg og fint å sitja saman og eta den gode maten, og innimellom var det små talar. Denne familien har eg vore ein del av i meir enn 25 år, så på ein måte er det blitt min familie og, sjølv om det i utgangspunktet ikkje er det. Av og til tenkjer eg på at eg har hatt privilegiet av å høyra til i fem familiar, hos mormor og morfar, farmor og farfar, i familien der eg var barn med mor og far, bror og syster, i svigerfamilien, og i min eigen familie der eg er mor til fire ungar. Desse fem familiane er vidt forskjellige og gjer at eg har fått ei mangfaldig oppleving av ulike familiekulturar og familiestrukturar. På kvar sin måte har dei oppdradd meg.

Etter ei natt på sofaen hos Henrik og Eva Mari vart me vekte med nykokt kaffi og frukost med egg og bacon. Neste dag hekta me med oss hunden og spaserte tilbake til svigermor og svigerfar. På vegen kjøpte me fire korger norske jordbær, og så var eg innom Baker Hansen og kjøpte to papirposar fulle av muslibollar, noko som eg vil kalla den optimale nytinga av karbohydrat.

Så vart det eit nytt kalas, denne gongen ute i hagen der markjordbær og forglemmegei strålte uoppdragent mellom hageblomane. Åra går så fort. Dei eldste blir eldre og dei små blir vaksne. Livet er forgjengeleg, men framleis er det her alt saman.

Eg minner meg sjølv om dei kloke orda frå forkynnaren i bibelen. Lær oss å telja dagane våre, så me kan få visdom i hjartet.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Mmmmmm det smaka nok himmelsk!!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det gjorde det,akkurat det ordet låg meg på tunga. Tenk at noko kan vera himmelsk og havsk på same tida…

  3. Ukjend's avatar
    emma permalink

    Og takk for hyggelege timar i lag. I går dro eg og han bort dit igjen med grilla andebryst, potetsalat, soppsaus og kokossuppe. Dei gamle åt med god appetitt. Koseleg!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Du all verda for nokre menyar de opererer med! Det høyrest utruleg godt ut. 🙂

Kommenter innlegget