Gå til innhald

Vind og mold og kvite blomar.

juni 16, 2009

Eg bles med vinden. Prøver å kvila på han og ikkje stritta i mot. Eller kanskje det er akkurat det eg ikkje gjer. Kanskje eg står med begge bein solid planta i molda og bare let vindane blåsa gjennom håret mitt? Det er vel eit definisjonsspørsmål det som mykje anna.

Nå har eg bare to skuledagar at av dette skuleåret, for på fredagar har eg fri. Eg har nå tenkt meg nedom ein tur på fredag likevel, for å stryka elevane mine over håret og ynskja dei god sommar. Eg er trøytt, så det skal bli godt med ferie. Eg er trøytt som i søvnig, ikkje som i utsliten.
I går somna eg på sofaen etter å ha hatt skuledag og planlegging og skrivekursforestilling med presentasjon av den nye boka vår… Og så forsvann den dagen utan at eg rakk å pakka ut kofferten etter helga.

Sundagen hadde eg jo heime. Den dagen vart ein kombinasjon av litt av kvart. Først var det radiogudsteneste med rydding og vask av kjøkkenet, så øvelseskjørde Ingrid ut til den gamle prestegarden der me to var på kunstutstilling og kunne registrera at me ofte likar dei same bileta best. Så gjekk me tur i det landskapet som eg er overbevist om må vera blant dei vakraste på jorda.

Seinare på sundagen laga den store jenta mi ei stor gryte perfekte heimelaga kjøttkaker med ein saus som eg bare kunne misunna henne å ha fått til. Sjølv bidrog eg med poteter, gulrøter og varme vafler til dessert. Med Oddvar og Vilde er me åtte til bords. Eg likar ideen med storfamilie. Det er bare nødvendig å kunna kunsten å la rosa serviettar med kvite prikkar og levande lys i lysekrona overskygga alt som ikkje er i den orden og stand det helst skulle ha vore…

Nå skal eg ut og sjekka ut stoppestadane på Garborgekspedisjonen eg skal ta med elevane i morgon.
Alltid lurt å vera i forkant.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget