Å stava ferdig sommaren.
I det me går ut av flyet på Leonardo Da Vinci- flyplassen utanfor Roma, slår det ein tung og fuktig varme i mot oss. Eg veit at me er tilbake i sommaren, og at det truleg er her sommaren skal avsluttast i for denne gongen. Det tar lang tid før bagasjen vår kjem rullande på bagasjebandet. Eg legg merke til at veldig mange har utruleg skitne og flekkete kofferter. Når min kjem, der sjokkrosa eg fekk låna av Sunniva, ser eg at han er den skitnaste av alle. Dei har tydelegvis fått hard medfart.
Utanfor ventar bilen frå hotellet, som me har bestemt oss for å unna oss å bli henta av i staden for å bruka buss og tog. Trafikken er heftig og rask, og eg takkar Gud for at ingen nokonsinne kjem til å tvinga meg til å kjøra bil i Roma. Snart er me framme på Campo dei Fiori. Me går ut av bilen. Varmen slår igjen mot oss. og får sveitten til å pipla. Hotellet ligg like ved. Det er som å bevega seg i eit kulisselandskap, bare det at kulissene ikkje er kulisser, men heilt ekte hus rundt piazzaer og campoar med fontener og statuer i midten.
Det er seks lange trapper opp til taketasjen der me skal bu. Heisen er bitteliten, eit slags einmannsbur som dinglar i synlege vaiarar. Eg har ikkje heisskrekk, men bestemmer meg for at det sikkert er god trim å frakta seg sjølv og den skitne rosa kofferten manuelt til toppen. Vel oppe er det ein nydeleg takterrasse med benker, bord, parasollar og blomar. Heidi og eg tek det eine romet, Anne Mette og Gry tek det andre. Sigrid vart dessverre sjuk og måtte bli heime. Så er me klare for å erobra Rom. Eg er glad for at garderoben min ber preg av at eg har budd ein månad i Spania i sommar. Veldig tynne sommarklær er det me kjem til å trenga. Eg flettar håret for å få det vekk frå ansiktet, finn fram solkrem faktor 20, og tek på meg dei tynnaste sandalane. Ute viser termometeret 32 grader.
Ute på Campo dei Fiori står Giordano Bruno i hettekappe og minnar om at her har det tidlegare vore ein rettarstad der folk vart dømde til døden. Nå er campoen ein gedigen marknadsstad. Akkurat nå er dei i ferd med å demontera bodene og spyla brusteinane. Det er uterestauranter overalt. Kvar av dei har ein mann med spesialkompetanse på å sjarmera turister, spesielt damer til å setja seg ned akkurat hos dei. Me let oss sjarmera av den første og beste, for nå er me veldig svoltne. Me bestiller bruschetta med ost , bruschetta med skinke, bruschetta med salt og olje, og bruschetta med olivenpaté. Me får vatn med kolsyre,vatn utan kolsyre og ei flaske kvitvin. Me et salat og store pizzaar med botn mest like sprø som flatbrød. Nå har reisa begynt. Ho ha begynt heilt på ekte. Me er akkurat i gang med det me har spart til i fire- fem år, og fire dagar i Roma kjennest framleis som eventyrleg lang tid.
Heidi