Gå til innhald

Det er farleg å planlegga…

september 27, 2009

kva ein skal skriva på bloggen. Eg skulle skriva to Roma-innlegg til,i alle fall eit. Eit innlegg om den store loppemarknaden i Trastevere, og om bryllaupet i synagogen i den gamle jødiske ghettoen. Eg ville skriva om oss som fekk vera der som tilskodarar, om døra som vart opna inn til det heilage, om brudeparet som stod skjulte under det store bønesjalet medan dei fekk forbøn, og om rabbien som song så vakkert for dei under forbønsdelen.

Eg ville ha skrive om bryllaupsgjestene i synagogen, som til vår undring vandra rundt og prata og klemde einannan midt under sermonien. Slik oppførsel ville ha vore respektlaus under ei norsk brureviglse. I kyrkja hos oss sit ein nemleg stille og høgtideleg og ser fram. Eg ville ha skrive om nonna som måtte forlata åstaden, fordi ho prøvde å fotografera, og om kor tørste me var etterpå då me sette oss ved eit fortausbord utanfor ein av restaurantane med koshermat..

Eg hadde og tenkt å fortelja om den siste middagen vår på Piazza de Navona, og om bileta me kjøpte av den søte og sjarmerande hr Morelli, bare å heita Morelli, han som kvitterte for handelen med kyss på begge kinna til alle fire damene…

Men slike planar er farlege. Nå har den jødiske rabbien, hr Morelli og hotelleigaren som mumla noko på italiensk mellom dei manglande tennene, om nordmenn og tørrfisk, då han skjøna at me stod der og skulle gjera opp for oss med ein ventande drosje utanfor, utan å ha forstått at me ikkje kunne betala med visakort, stengd passasjen til denne bloggen i to veker. Eg hadde jo så mykje å skriva at eg trong tid før eg kunne setja i gang…

Så eg fekk aldri skriva om lange sykkelturar med elevane forbi buktande kornåkrar og tørt høy på veg til havet for å byggja sandslott, eller i ausande regn for å grilla pølser ved eit fjellvatn. Eg har ikkje fått fortalt om korleis landskapet utanfor har gulna og lagt seg til eit skarpt streif av haust. Heller ikkje har eg fått fortald om besøket av vår tanzanianske venn Chitu, som fortalde at kona hans har 135 elevar, som ho er aleine om i skuletimane på skulen i Morogoro. Ikkje ein gong den søte svenske dama eg vart kjend med på flyet heim frå Roma har eg fått fortald om, og lesarane mine veit ikkje at dei to platinablonde døtrene mine vart mørkhåra på onsdag…

I dag har Ingrid lagd kjøttkaker på same måten som morfaren min gjorde det då eg var lita, og me har kokt grønn erterstuing. Sunniva song då ho vaska badet i dag, og i gårmorges dekka eg kjøkkenbordet mitt for å ta i mot frokostbesøk klokka sju. Nei bloggeinnlegg skal ein aldri planlegga, for plutseleg stoppar flyten i tankane, og skrivekøen blir alt for lang.

I morgon tidleg reiser me med 50 elevar på lang busstur for å vera på leirskule i ei veke. Meterologane lovar opphaldsver på dei traktene. Kan det verkeleg stemma? Eg gler meg til turen, og det er på høg tid å gå ned for å pakka ryggsekken. Livet kjem og kjem og kjem. Ein kunne bli andpusten av mindre…

Heidi

From → Reiser

2 kommentarar
  1. Petra's avatar
    Petra permalink

    Ja, där är du ju!
    Jag har också otaligt oskrivet. Tiden räcker inte till för mig.

  2. Petra's avatar
    Petra permalink

    Och… Välkommen tillbaka, förstås 🙂

Kommenter innlegget