Store barn, seine kveldar…
Men i kveld orkar eg rett og slett å ikkje vera så forferdeleg sein. Eg har sagt til Sunniva at om ho vil hentast, så blir det klokka halv tolv. Ho skal på jobb i morgon, så hentast vil ho. Eg er ikkje glad i å kjøra bil, og slett ikkje når eg er trøytt, men sidan ho skal hentast ein plass eg ofte har henta ho før, så går det bra.
Då ungane mine var små, var dei nokre skikkelege morgonfuglar. Særleg dei to yngste. Dei vakna kvart over fem til dei var tre-fire år gamle så vidt eg kan hugsa. Kjærasten min og eg stod opp annankvar morgon, og det var knallhard justis, med irriterte albuar i sida på den andre om oppstandelsen drygde… Nå er eg i andre enden av barneoppdragelsen. Nå er det nattevaket før dei er heime i helgene som er utfordringa. Sjølv er eg skikkeleg B-menneske, så det går stort sett bra, men av og til skulle eg betalt ganske mykje for å få lov til å legga meg tidleg. Prosjektet mitt er å venta på dei til dei er heime til dei er 18 år, og frå eldstemann blei 13 til yngstemann blir 18, skulle det dreia seg om rundt rekna 13 år med venting i helgene. Dersom eg er vaken nok til årekna rett, og det er eg ikkje heilt sikker på om eg er… Og det er faktisk mindre enn to og eit halvt år til alle er over 18. Det er jo litt trist det og, forsåvidt…
Og nattevaket då dei var små har eg forlengst gløymt. Slikt blir bagatellar i den store samanhangen. Eg hugsar bare at eg ei tid, etter ekstremt urolege netter i bortimot eit år, ofte hadde ei kjensle av at golvet gynga under meg. Snodig mekanisme. Det kjendest som om eg hadde vore på ein båt eller nettopp gått over ei hengebru…
Og nettene blir lysare. No livnar det i lundar, no lauvast det i li… Og som ein av elevane fortsette verset då han hadde det i leselakse for eit par år sidan: … «den heile skapning stundar no fram til klokka ti.» – Då var det nemleg friminutt.
I dag var det litt vemodig å rydda vekk palasset til Kong Sheherad i «Tusen og en natt.» Det var blitt så fint med palmar, fløyelsputer, vinkaraffel, stort fruktfat, krukker, skrin og kandelabre bak eit sølvforheng. Me har hatt skuleforestillingar heile dagen. På kvar forestilling var det ein eller fleire av barnehagebarna som vart dregne som magnetar mot det velfylte fruktfatet på scenen. Eg måtte fram og berga det før jordbæra og druene forsvann. Det ville vore trist om keisaren slapp opp for frukt…
Og i morgon skal eg sova lenge.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Natur, Skule, Teater og film.