Gå til innhald

Finaste sundagen.

mai 9, 2010

Nå har dei første kvite blomane sprutte på kirsebærtreet. Truleg kjem det mange fleire i morgon. Dagen har vore fullpakka av inntrykk.  I føremiddag besøkte eg onkel og plukka hundreogtjue påskeliljer i hagen hans. Liljene skulle vera takkeliljer til bønnevandringa i kyrkja. Så reiste eg til eit hagesenter og kjøpte ein lilla blom i ein blå kulevase til Synneva, bleikrosa og sjokkrosa grein-nellikar til bedet mitt og fleire frø til å så i minidrivhus. Nå har eg verkeleg fått smaken på å drøyma om den fantastiske blomeprakta eg skal få rundt huset om bare frøa spirer og etterkvart slår rot i hagen. Eg lurer på kor eg sette frøa og minidrivhuset, eg har vel aldri gløymt å ta det med meg heim? Får leita betre bilen i morgon.

Så kjørte eg nedover mot strendene. Det er så utruleg vakkert ute nå. Sola skin, markene grønkar og vipene flyr lågt over markene. Eg måtte kjøra ein lang omveg fordi eg ikkje ville kjøra forbi ein traktor med harv på. Planen var å plukka med seg ein pose med runde små steinar frå stranda, men eg skjøna eg hadde for lite tid, nordavinden var iskald og eg var for dårleg kledd.

Etterpå var eg på skulen for å gjera klar papira eg trong til kyrkja og ein del papir til elevane mine. Så var det heimom og henta vasar og afrikanske tøyer før eg tok med meg kjærasten min til Synneva som feira gebursdagen sin litt på etterskot. Nokre menneske har ein sjeldan evne til å laga fest rundt seg, Synneva er ein av dei. Ho serverte rosa sjampanje og restar frå konfirmasjonen i går.  Det var så triveleg å vera der at det var med sorg eg måtte bryta opp som første mann for å rigga bord i kyrkja. Men gudstenesta vart veldig fin den og. Eit kor song afrikanske songar, dei var veldig flinke, og ei dame fortalde om livskrise og håp. Ho hadde mista mannen sin i kreft midt i førtiåra og snakka om å finna vegen vidare og prøva å bygga opp livet på ny att. Etter gudstenesta har me alltid kaffi og kjeks og ein halvtimes tid til å slå av ein prat. På ein av stasjonane i bønnevandringa hadde eg eit dikt som på eit gitt punkt i livet betydde svært mykje for meg.

I mange å var mitt liv

et eneste rop.

Hvor skal jeg gå hen med meg selv?

Jeg brant i det veiløse.

Da brant Du deg

inn  i mitt liv.

Du svarte: Vær varsom,

for verden gråter.

Tørr dens tårer

med stillhet.

Wera Sæther

Nå er eg skikkeleg trøytt, og lengtar til senga. Det beste av alt er at trinnet mitt avspaserar 1.økt i morgon. Det er ein sann gave å kunna sova to timar lenger på måndagsmorgon. Noko av det eg gleder meg mest til neste år er å slippa å ha hovudet fullt av skule sundag ettermiddag og kveld.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget