Gå til innhald

Ungt fokus.

mai 10, 2010

I kveld har eg vore med på opninga av fotoutstillinga «Ungt fokus», som elevane mine har fått vore med på. Alle 7.-klassane i kommunen har fått ein dag kvar saman med forografen Ingeborg Skrudland. Dei har vore ute i nærmiljøet sitt med digitale kamera, og på slutten av skuledagen har dei saman med fotografen vald ut og redigert kvar sitt bilete som skal vera med på utstillinga. I dag opna dei galleriet sitt i eit ekte kunstgalleri, og me fekk koma og sjå.

Det er tredje året dette prosjektet blir gjennomført, og dei to foregåande åra har eg vore der for å sjå på bileta i lag med klassen min. Begge gonger har eg teke meg sjølv i å stå der med tårere rennande nedover ansiktet. Når 12-13-åringar er både fotografar og fotomodeller tek dei bilete heilt utan filter. Draga i andleta deira er sterke og sårbare på same tida, og det blir noko djupt rørande ved dei som ein ikkje får fram på same måten med vaksne fotografar og profesjonelle modellar. Noko av det same opplever eg i skuletimar og, men å sjå det festa til papir er endå mykje sterkare. Så mykje liv me har mellom hendene me som arbeider i skulen.

I ledige stunder sit eg og jobbar med elevtekstane frå skrivekurset mitt. Dersom eg var i den posisjonen at eg skulle ta ei masteroppgåve eller ei doktorgrad i norsk, måtte det vera spennande å gjera det på usensurerte tekstar frå 12-13-åringar. Ein kunne bli leia til å tru at dei bare er opptekne av Paradise-island og TV-Norge, men det eg ser er at dei meir eller mindre bevisst ofte syslar med dei heilt eksistensielle spøsmåla. Identitet, livet, kjærleiken og døden.

Heldige dei som får jobba med 13-åringar slik eg gjer til dagleg. Det kostar ein del tålmod og tankeverksemd, men du verda så mangfaldig og levande.

Heidi

2 kommentarar
  1. Tintomara's avatar
    Tintomara permalink

    O, ja! Vårt jobb är det bästa!
    (Fast jag längtar till pensionen, det gör jag. Verkar ha dimensionerat krafterna att precis räcka dit.)

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    Ja, slik trur eg det er. Eg disponerer kreftene slik at når juleferien og sommarferien kjem, kjennest det som om eg ikkje hadde orka ei veke til. Nå er eg i ein skikkeleg langspurt på oppløpssida. Eg veit at eg skal ha fri eit år når eg kjem til mål, og då bruker eg alt eg har av krefter på den distansen som er att.

Kommenter innlegget