18.mai
18 mai er alltid litt dagen derpåfor vaksne og barn. Dagen derpå i litt utvida forstand. Men det går helste godt, som det heiter på lokalt talemål. I morgon skal me øva heile dagen på skulerevyen, eg må hugsa å ta med meg slikkepinnar, den tomme kulturmelk-kartongen, tre pakkar til to ekstreet bortskjemde barn, og norske flagg til familien frå Hå. Mellom skulerevyøving, og øving på kriminalkomedien med ungdomsskuleelevane våre, var Jan Ivar og eg innom kinarestauranten. Eg måtte kjøpa med meg ei korg jordbær til trøytte lærarar og tre pakkar bollar til svoltne unge skodespelarar. To av dei som skal vera med var på ferie med foreldra og tiandeklassingane våre var oppe til matematikkeksamen, så dei ville helst heim og lesa fortast mogleg. Halvard har lidd same skjebnen, men han vil ikkje ha hjelp av meg, fordi han blir så nervøs av mas seier han. Klar tale og grei bodskap…
Sunniva fyller 17 år i morgon. Velsigna vere henne. Eg har laga lapperøre, så ho skal få nysteikte lappar til frokost. Nå må eg skriva eit kort og pakka inn dongerijakken eg har kjøpt til henne. Innimellom skrivinga sendar Torhild og eg sms-ar til kvarandre. Frøa mine spirer så smått. Eg steller dei med største omsorg og er spent på om det vil enda opp med eit bugnande blomsterhav.Det vil det nok… Nå kjenner eg at dagen er til endes. Fred og solskin!
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Natur, Skriving, Skule, Teater og film.
«Dagen därpå» är ett mycket bättre uttryck än vårt «dagen efter»!
Det är så roligt när du skriver varje dag!
Takk for det, Tintomara 🙂