Sunnigull sin dag.
Ho hadde varsla at ho skulle stå tidleg opp for å rekka alt. Sjølv om den vesle jenta vår er stor jente på 17 frå og med i dag, hadde me tradisjonen tru gjort klar eit bord med kort og presangar til gulljenta vår vakna. Eg steikte lappar til frokost, og lova å kjøra henne til toget. Ho spurte om ho kunne få med seg pengar til å handla i kantina sidan ho hadde bursdag, det var då eg oppdaga det, at pengane var borte. Eg har oppbevart ein ganske stor pengesum veldig uforsiktig i ein konvolutt i handveska. Og nå var ikkje konvolutten der eg trudde… Det plagar meg litt. Eg veit ikkje om prengane er forlagde, mista eller stolne. Det vil tida visa. Eg har bare meg sjølv å takka og lever i håpet om at dei vil dukka opp att…
Dagen har vore øving, øving, øving og generalprøve til slutt. Elevane var flinke og avisa dukka opp. Det er alltid ein ekstra bonus for dei å koma i lokalavisa. Men det er i morgon det er verkeleg alvor. Då startar forestillingane. Me skal ha fire av dei, og truleg spela for meir enn tusen personar. Det er spennande, hektisk og veldig kjekt når me er komne så langt i prosessen. Revyen vår heiter «Høge hus» og spelar på at det akkurat er blitt bygd eit skikkeleg høghus i den vesle byen vår. Det einaste høghuset i mils omkrrins er det, og sjølvsagt har det vore masse diskusjon om dette huset både i avisene og elles, både før det vart bugd, under bygginga og nå etterpå. Etter besøket i New York kjende eg at eg bare måtte skriva ein song på den gamle gode Cliff-Richard- songen «Lucky lips», der siste linja var slik «For på Bryne og Manhattan, vil me helst ha høge hus.» Det gir eit av dei små kicka som finst i tekstforfattar- og teaterbransjen å høyra to søte jenter synga denne songen på ein måte som får det til å gå kaldt nedover ryggen på ein.
Etter all øvinga og eit planleggingsmøte var eg ganske så sliten. Eg hekta med meg kjærasten min og me skaffa oss fleire sommarblomar. Sidan Sunniva jobba på kafeen, og ikkje kunne feira gebursdagen med dei gamle foreldra sine, fann me ut at berget fekk oppsøka Muhammed. Me troppa opp på kafeen og kjøpte oss middag der. Tilbodet om å dra i gang allsang over temaet «Happy birthay», vart lattermildt, men bestemt avvist av ekspeditrisa/jubilanten. Då me kom hadde dei andre som jobba der skkurat spandert eplekake med krem på føselsdagsbarnet, så noko naud leid ho visst ikkje. Nå er ho på konsert for å høyra nokre venner av seg spela.
Då eg kom heim hadde eg ein forgjeves leiterunde etter pengar i konvolutt. Så lokka Ingrid meg med på handlerunde/ øvingskjøring. Sjølv om eg bedyra at eg var alt for trøytt til denslags, så slo ho fast at garderoben min trong fornying. Eg lot meg overbevisa og kom heim med ein jakke, ein tunika og to gensarar. Får hiva meg på når det er sal i butikken og eg har med konsulent. Så fekk me handla hårspenner til ein gut som skal parodiera den lokale kvinnelege securitasvakta på kjøpesenteret her i morgon på revyen. Dersom ho får vita det, så håper eg at ho skjøner det er ei stor ære å bli parodiert. For det er det jo?
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Skriving, Teater og film.