Gå til innhald

Den blomstertid nu kommer…

mai 30, 2010

Slik starta radiogudstenesta i dag, og av alle ting vart eg rørt av å høyra den songen. Sundag har for meg i heile mitt vaksne liv vore gudstenestedag. Eg har prøvd å få med meg ei gudsteneste kvar sundag, ikkje fordi det i utgangspunktet alltid kjennest så lystbetont å koma seg dit, men fordi eg trur det er viktig og fordi det er godt for meg og livet mitt og den kyrkja eg høyrer til i. Det er med på å ramma inn livet mitt i ei ramme eg ynskjer det skal vera i. Då ungane var små var me ganske flinke til å få dei med oss. Det kjennest faktisk vanskelegare å koma seg til kyrkja sundag føremiddag nå med tenåringsbarn som ein skal få i hus før ein kan tenkja på å ta kvelden sjølv, og med veldig høgt press på jobb kan det kjennast veldig fristande å ta det med ro sundag morgon.

Då er det fint å ha radiogudstenesta som ein kan kobla seg på med eit tastetrykk. Gudstenesta i dag var veldig fin. Presten samanlikna gudstenesta med eit dramastykke, og sa at dersom eit teaterstykke hadde samla så mange tusen kvar einaste sundag i totusen år, så hadde det vore ein teatersensasjon utan sidestykke. Sjølvsagt er det eit svært haltande bilete. I gudstenesta er ein ikkje tilskodar, men deltakar, og dramaturgien i liturgi og gudstenesteoppbygging handlar om sjøve livet, Gud, mennesket og skaparverket.

Av og til lurer eg på om me er fødde med meir og mindre anlegg for religiøsitet akkurat som me er fødde med større eller mindre grad av musikalitet, kreativitet, spatial sans og evne til logisk tenking. For meg er Jesus sin historie om kjøpmannen som fann ei så fin perle at han med glede var villig til å selgja alt han åtte for å kjøpa ho heilt reell. Eg har funne noko som er så fint at eg ynskjer det skal prega livet mitt i størst mogleg grad. Korfor andre ikkje opplever det slik er for meg ei gåte, for eg har alltid hatt ei veldig sterk dragning mot det religiøse, sjølv om foreldra mine var relativt lite opptekne av slike ting. Er me forskjellige fordi me har forskjellige oppgåver i livet, og for at puslespelet skal bli det biletet det er meint å vera, så må brikkene vera ulike i form og farge? Kanskje det er slik det er? Eg veit ikkje, men eg observerer jo at ting som er utruleg interessante for meg ikkje treng å vera det for andre. Og sjølvsagt ser eg andre gløda for ting eg sjølv ikkje kjenner minste antydningen til glød overfor…

I kveld var eg  i ei ny kyrkje ca ei mil frå byen eg bur i, og høyrde på Karsten Isachsen, som er prest og forfattar. Han sat i ein lenestol på scenen og fortalde historiar som fekk heile salen til å le. Han hadde ein fascinerande evne til å få publikum til å lytta. Han snakka naturleg nok og ein del om tru. Mellom anna sa han at setningen «Tenk, takk og ver glad» romma djup visdom. Hermed er setningen servert til vidare filosofering. Ein annan setning var: «Ingen blir mett av å sjå på eit brød.» eg ser at det å sitera andre sine setningar lettare lausrive frå samanhangen blir ståande som litt banale greier. Slik får det vera akkurat her og nå. Det ligg mykje visdom gøymt i dårskap…

Og elles så har eg vore passasjer medan Ingrid har kjørt ein lang tur langs kysten for å få mest mogleg kjøretrening. Alle dei grøne trea, dei utsprungne blomane, bølgene som bryt mot sandstrender og blankskurte svaberg, alle måkane i havgapet, vipene på markene og ein og annan heigre på ei myr, lamma som beiter på grøne grassletter…- det er ei ubeskriveleg vakker årstid.

Heidi

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget