Gå til innhald

Sofia.

juli 5, 2010

Sofia er ulik andre byar eg har vore i. Det er eit strøk av noko eksotisk, ein slags smak av noko arabisk, eller kanskje snarare tyrkisk. På marknaden går både eg og Sunniva og tenkjer på den scena i Alladinfilmen der han er på marknad. Den marknaden me er på ber ikkje noko som helst preg av å vera til ære for turistar. Dei sel varer som folk har bruk for, grønsakar og kvardagsklede. Ein kan og få kjøpt brukte ljåar og økser, for den som måtte ha bruk for slikt. Me ser ingen andre på marknaden som ser ut som turister, faktisk ser me ingen i heile byen som ser ut som turistar.

I fylgje turistguiden så skal folk i Bulgaria vera ekstra vennlege og gjestfrie, og faktisk så opplever me folk som ekstra imøtekomande. Mange av bygningane i byen er nokså nedslitne og gatene har eit litt halvshabbypreg, som i og for seg er ganske sjarmerande. Det er mange blomsterhandlarar i byen og du kan få kjøpt nokre av dei flottaste blomsterbukettane eg har sett sånn omtrent gratis etter norsk målestokk. Plutseleg begynner tora å rulla, og det begynner å regna ganske kraftig. Sidan eg bestemte meg for at eg bare skulle ha med sommarklede og ingenting som likna på regntøy eller ytterjakke, står eg i fare for å bli gjennomvåt. Eg kjøper ein paraply av ei dame som sit på fortauet og sel paraplyar. Sunniva morar seg over at eg takkar henne med eit høgt «Gracias!» med skikkeleg rulle-r når eg får igjen vekslepengar. Noko må eg jo bruka spansken min til, og sidan eg ikkje kan eit ord serbokroatisk, eller kva det nå er dei snakkar her, så tyr eg automatisk til det mest framandarta eg kan prestera.

Framandarta er og gateskilta med kyrilliske bokstavar. Sunniva går rundt med kodenøkkelen i eit turisthefte. For kvart gateskilt me har bruk for å lesa, må me stava oss fram gjennom å finna ut korleis ein og ein bokstav skal uttalast, og så prøva å finna gata att på kartet med europeiske bokstavar. Det tek litt tid, men det funkar.

Me høyrer framandarta song halvvegs nede i gata der me bur. Det viser seg å vera utrop frå minareten i ein moské. Det er bønetid, og det moskéen blir fylt til randa. Langt frå alle får plass, og folk kneler på fortauet utanfor. Eg ser ein mann bretta opp genseren og vaska seg i regnvatn til albogane før han krysser gata der han tek av seg joggeskorne og kneler ved sida av dei andre mennene på fortauet. Eg blir ståande halvparalysert og sjå på dei. Det er første gongen eg ser ei muslimsk bønnestund bortsett frå det eg har sett på film. Nokre av mennene blir liggande i same stillinga, medan andre praktiserer vekslinga mellom å berøra bakken med panna, sitja oppreist på kne, reisa seg og kryssa armane inntil kroppen for så å strekka dei mot himmelen. Eg blir oppriktig rørt av synet. Eg ser menneske strekkja seg mot det heilage. Eg kjenner at eg forstår kva Inger Hagerup meiner når ho ser menneske be i ei kyrkje og grip seg i å tenkja «Å Gud ver til for dei!»

I nokre byar eg har vore er det mange lauskattar. Her er det mange lause hundar som ser ut til å leva eit fritt hundeliv på gata. Dei ligg gjerne og søv inntil ein vegg, eller dei spaserer rundt i gatene. I turistguiden står det at dei som regel er snille og vennlege, men sidan det faktisk finst nokre tilfelle av Rabies i Bulgaria blir ein fråråda å klappa dei. Eg kjenner at det er eit tips det ikkje kostar meg så mykje å fylgja, derimot er det ganske fristande å lokka til seg dei slanke eller rett og slett magre kattane ein ser innimellom.

Halvard kjenner seg ikkje heilt i form, og under tvil lar eg han vera aleine i den leilegheita me har leigd i 6.etasje i eit hus midt i byen. Eg minner meg sjølv om at han snart er vaksen nok til å dra ut i verda heilt aleine. Eg liker ikkje heilt at me er utan mobildekning i Bulgaria, men innser at det ville vera gale både å tvinga han med oss og å bli heime med han den dagen me har sjansen til å oppdaga Sofia. Han seier sjølv at han meir enn gjerne har nokre timar aleine. Likevel er eg glad for at han er betre når me kjem heim, slik at han er frisk nok til å bli med ut og eta middag om kvelden.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget