Gå til innhald

Istanbul

juli 13, 2010

Etter at drosjesjåføren har kjørt ein lang tur med oss, droppar han oss ca der hanmeiner at hoteller skal vera. Det er ein fryd å finna fram dit. Koselege folk i ein koseleg resepsjon forklarer osss at romet vårr snart skal vera klart, og at me værsågod kan få frokost på takterrassen. Ute i sola, høgt over sentrum i Istanbul får me servert brød og ost, frukt, jus, kaffi og syltetøy i deilig morgonsol med ein heilt fantastisk utsikt.

Nå er det slutt på luksusen med enerom til ungane og dobbelrom til oss. Me har fått eit tremannsrom med ei ekstra seng. Det er eit trongt, men koselg rom i fjerde etasje. Etter ein dusj brukar me eit par timar på å kvila etter ei mest søvnlaus natt på bussen. Me har vore i basarhallane. Heiltutruleg. Så ville ungdomane kvila endå meir medan me vaksne var på oppdagingsferd medan ungdomane kvilte meir.

Her er det kaotisk og sjarmerande. Det er som å ha spasert inn i ei side i «Tusen og en natt. «Me har hatt nydeleg tyrkisk middag, og ein fin kveldstur. Folk spring bokstaveleg talt etter oss på gata for å lokka oss inn i kafear, boder eller taxiar, og for å fallby varene dei sel. Det er masetee og sjarmerande på same tida. Sunnniva får meir merksemd enn ho eigentleg synest om, men taklar det bra. Ein og annan gong har far hennar måtta legga ei hand på skuldera hennar for å hjelpa henne ut av situasjonar, og menn har gitt henne blomar plukka frå blomsterkassar, og bydd på Turkish Delight frå ei øskje. Ein mann som snakka tyrkisk i mobilen, kasta ut eit engelsk «Hey, you are beautiful» på engelsk i det ho passerte og ein mann ropte «beautiful Swedish girl» då ho passerte. Andre bare plystrar eller himlar med auga på flørtemåten. Litt uvant for ei norsk jente med slik kurtise, og ikkje bare behageleg, men det er vel ein blanding av salgstriks og den lokale kulturen. Me får la vera å sleppa henne aleine ut på gata…

Nå ligg dei andre tre og søv, og det bør vel eg og gjera med tanke på antall timar tapt søvn ein burde ta att, og alt me har lyst til å gjera i morgon. For ikkje lenge sidan ropte imamen ut kveldsbøna frå minareten, det vil seia i vår tid er det vel helst eit tidsinnstilt lydbandopptak me høyrer. Det begynner å bli ein vane. I Struga var det og moskear i nabolaget, og av og til høyrde me bønerop om natta. Nå skal eg sovna til bylydar og aircondition-lydar, for her er det ganske varmt.

Heidi

From → Barna mine, Reiser, sommar

2 kommentarar
  1. May Brit's avatar
    May Brit permalink

    Eg opplevde og Istanbul som 1001 natt – eg forelska meg i byen – enjoy ❤

    • heidiskriv's avatar
      heidi permalink

      Det skal eg, Må snart ut og oppleva meir.

Kommenter innlegget