Den blå moskeen
Eit av prosjekta våre i dag var å besøkja «The blue mosque», som må bli «Den blå moskeen» på norsk. Då me kom dit var det bønnetid, så me fekk beskjed om at dei ikkje opna for publikum før etter ti minutt. Det var så varmt at me oppsøkte skuggen for å venta der. Veldig mange her i byen viser gjennom klesdrakta at dei er muslimar. Her er alle variantar av sjal og hijab, frå det å ha eit tynt sjal under ein stor solhatt og elles vera vestleg kledde, eller å ha langt rosa inntilsitjande skjørt med rysjekantar, kvit langerma tettsitjande genser, rosa pumps og rosa sjal, til lange svarte kåper og mørke sjal og nikab der bare augene viser, eventuelt er skjulte av store mørke solbriller. Ein de menn går med lange kvite skjegg og diverse variantar av muslimske hattar, og nokre går i lange kvite kjortlar. Eg trur kanskje noko av mangfaldet skuldast at mange turistar er muslimar og har med seg sin heimlege variant av kleskodar. Generasjonar spelar og inn. Eg har sett fleire bestemødre i fotside formlause kåper og sjal saman med vaksne døtre med skaut og moteklær og barnebarn i sjorts med musefletter og caps.
Sunniva var den einaste av oss som hadde for lite klær på seg, det vil seia for kort kjole, for kort shorts og for kort bluse. Ho fekk eit mørkeblått skjørt med borrelås og eit lyseblått sjal til å bera over skuldrene. Ho lot sjalet dekka både hår og skuldre, slik ho såg mange andre hadde gjort, og såg ut som ei muslimsk jente ho og.
Alle måtte gå barbeite inn. Rommet var nydeleg utforma med høg kuppel og masse gotiske kryssbuar. Det var glasvindu med glasmaleri og kvite og blå fliser overalt med ulike ornament. I hovudromet var det sperra med eit tau slik at gjestene stod utanfor tauet og mennene som bad var innanfor tauet.
Det som gjorde størst inntrykk på meg var kvinnene sine bønnerom langs veggen. Desse var delvis atskilte frå resten av romet. Det var rørande å sjå kvinner i alle aldrar og med ulike klesstilar be saman. I eit av avlukka såg eg og kvinner i fortruleg samtale. Eg kunne ana eit ganske sterkt kvinnefelleskap der inne.
Mange gamle damer var der for å be. Eg vart imponert over at alle eg såg klarte å ligga på kne og berøra golvet med panna. Det ser eg ikkje for meg mange norske åttiåringar gjera, men dei held vel dei rette musklane i form ved å utføra bønene sine fleire gonger dagleg.
Eg har mykje meir å fortella om, men nå er det sengetid. Det får bli ein utfyllande Istanbulpost etterkvart.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Reiser, Tru