Firerettars middag til Jan Ivar.
Fin middag hos meg
på det nye kjøkkenet
før dramaen på tysdag! – sa eg til Jan Ivar.
Fire rettar? spurde han.
Då er det bare å dekka bord med blomar og lys og kva ein måtte finna.
Gås og and og fasan og alle slags verdas avanserte sausar
sausar med fløyte og raudvin og safran
og kanskje farserte bekkasinbryst
enkel eller dobbel bekkasin
sånn alt ettersom.
med stua trøflar med moltesyltetøy
og eit lite knippe heimeavla asparges?
Fylte pannekaker
til dessert med krem
og eksotisk frukt og
ein dash av sjokoladesaus?
Kaffi med heimelaga konfekt og kvite linserviettar?
Det er noko anna det enn å sykla til Dagny
sånn i kveldinga med heimeavla tomatar,
mogne plommer
og ein fargesprakande miniatyrbukett av blomar
frå alle pottene på verandaen.
Når eg ringer på rett dør, og ho ut med ein klem
får eg koma inn på kjøkkenet og sjå
at ho har fått seg svarte jærstolar.
Så fine dei er, kan eg seia.
Jærstolar er alltid fint,
og spesielt i svart.
Og så kan eg vandra heim att
i fylgje med Kirsten.
me kan trilla syklane ned den lange,mørke, bratte bakken,
i staden for å sykla,
fordi me ikkje har lykt
og uten lykt kunne me detta,
men sjølvsagt er det mest av alt
fordi det er mykje koselegare å snakka enn å sykla
når kvelden er mjuk og mørk og varm og behageleg
og luktar svakt av rosespirea
og det er tidleg på hausten
Når me kjem heim til meg
kan me stå ei stund og snakka under kirsebærtreet
som me må skjera greiner av
før me får ny klage frå vegvesenet,
og som me aldri vil få hjarte til å saga ned
fordi det blømer med så fine kvite blomar
ei veke eller to i mai.
Så skal eg gå inn,
kanskje eller kanskje ikkje
det luktar nybakt brød i heimen,
og eg skal laga vaflar
av det som er att av røre
til Vilde som skal overnatta her.
Og så blir dagen til natt
denne gongen og,
Og i morgon skal eg skriva lenge,
men eg må ikkje gløyma
at det er då eg har lova Jan Ivar
firerettars middag på det nye kjøkkenet mitt.
Heilsteikt pattegris med persilledampa nypoteter,
bruker dei viss ofte på slottet,
men eg trur ikkje heilsteikt pattegris
er tingen for meg og Jan Ivar,
me vil helst ikkje at maten skal likna på levande dyr,
og dessutan rekk eg nok ikkje
å heilsteikja noko som helst før han kjem,
for eg er ikkje så flink til å berekna tida.
Skilpaddesuppe skal viss og vera godt,
men eg trur me gløymer det og i denne samanhangen.
Skilpadder er det smått med
både i dyrebutikken og i frysedisken på Rema,
Men dessertpannekaker
høyrest ikkje bare dumt ut.
Og i verste fall er han som ein hund
etter grandiosa og loff med nugatti.
og eg kan ikkje sitja her og skriva
eg som skal ha ein middagsgjest
om ein time eller to.
Heidi
Nydeleg!! OG er er spent på kva rettar du diska opp med!! Det er gildt å laga mat på nytt kjøken….leita litt etter kor dei nye «faste plassane» til ymse varer er….
😉
Eg fekk litt problem då eg skulle ut og handla i full fart og det viste seg at Halvard hadde teke sykkelen min og Leif gjekk med bilnøkkelen i lomma. Då fann eg ut at eg fekk laga noko av det som var i kjøleskap og fryseboks akkurat som i TV programmet. Menyen vart:
Gratinert blomkål.
Fiskegryte med friske tomater, løk og chilipulver.
Stekte krydderpølser samt ost og baconpølser.
Kokt hurtigris.
Frukt= Druer og plommer.
Dessertvafler med kardemomme og blåbærsyltetøy.
Sterk solbærsaft med isvatn servert frå vinkaraffel
Kaffi.
Vaflene vart kardemommevafler fordi eg ikkje hadde meir mjøl og måtte bruka av ein pose ferdig bollemix.
Slett ikkje verst. Og ja, – eg strever med å finna det meste…