Gå til innhald

Luke fire

desember 4, 2010

Bak luke fire fann eg:

Ein grytidleg morgon

Ein togtur inn i soloppgangen

Eit besøk hos svigerforeldra mine

Ein sekstiårsdag

Rapping for ein gjeng advokatar

Peparkaker med blåskimmelost

Bak luke fire skjulte seg som forventa ein grytidleg morgom med ei vekkerklokke som ringte halv seks. Ei snill og trøytt Ingrid kjørte oss til det tidlege morgontoget. Har innteke kaffi frå termos og brød med gulost. Akkurat nå testar eg ut kjærasten min sin ipad, eller kva det nå er det heiter. Eit strikketøy og 1400 sider Jens Bjørneboebiografi ventar. Om ein time går sola opp.

*

Og det gjorde ho, og toget tok oss heilt til Lysaker. På austlandet låg snøen kvit og rein.

Svigerfar feira ankomsten vår med å fyra i edomnan for første gong i vinter. Han gjorde det sitjande på ein stol for ikkje å missa balansen medan han siterte dikt på norsk og russisk og så skulle eg gissa kven som hadde skrive det. Eg klarte ikkje å gissa Per Sivle medan han telde seg ned frå ti til null sjølv om han peikte mot pannen med peikefingeren og sa pang pang medan han telde. Svigermor  varma pizza og varmde te og så sat me og såg på at mørket la seg rundt huset sjølv om det framleis var tideleg ettermiddag.

*

Hos Astrid og Einar var det dekka fine bor til nokonog tretti personar. Me fekk nydeleg skalldyrrett til forrett, andebryst til hovudrett og heimelaga marengs til dessert. På skjenken var det pynta med dorullnissar Joffe hadde laga med hovud som var foto av brørne Harboe. Eg fekk sagt at eg ønska meg sånne til jul . Eg og Eva Mari hadde tenkt ut at me måtte finne på noko heilt spesielt for å hylla skatterettsadvokatsvogeren vår på 60-års-dagen. Den sjølvsagte løysinga vart «ein svigerinnerapp! Ein svigerinnerapp? Ein sigervigervigervigerinnerapp.» Dei andre gjestene var humrekor etter intrikate klappesignal frå oss. Me snubla litt i teksten og performancen vår vart ikkje akkurat glattpolert, men på ein måte var det vel litt av greia at det ikkje skulle vera det heller… Det vart ein på alle måtar hyggeleg 60-årsdag.

*

Då me kom heim til Eva Mari og Henrik sånn litt utpå natta, var nokre av oss klare for litt nattmat. Eva Mari introduserte meg for den pikante og livsfarlege retten peparkaker med blåskimmelost med mandarinbåtar til. Livsfarleg fordi denne litt spesielle samansetjinga smakte heilt himmelsk og samstundes har eit innhald av kalorier og karbohydrat eg ikkje vil snakka høgt om… Men alle hobbygourmetjegarar: Prøv det!

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget