Gå til innhald

Luke fem

desember 6, 2010

Bak luke fem skjulte det seg:

Frokost med Henrik og Eva Mari

Deilig togtur gjennom vinternorge

Jens Bjørneboe

Snødekte gater

Improvisert middag med to adventlys og åtte rundt bordet

Peparkakebaking

Ein stykk odelsgutt heim på juleferie

*

Nybakte rundstykker med kokte egg og sild til frokost. Så pakka me oss inn i mange lag yttertøy og gav oss på heimveg. Kjensla av å stå og frysa og venta på bussen gav meg plutseleg eit veldig fysisk minne av dei vintrane eg budde i Oslo. Det var to spesielt kalde vintrar og eg reiste mykje med buss. Plutseleg hugsa eg heilt tydeleg at dei bussane sjeldan var i rute

*

For meg er det noko nære på ein heilt optimal sundag å sitja på toget mesteparten av dagen og sjå ut på eit skikkeleg vinterlandskap med sol og snø og skog og alt anna som kan tenkjast å finnast på julekort med tema «white christmas». Det er kjempekoseleg å ha kjærasten min sitjande på setet ved sida av og lesa og lesa i Bjørneboebiografien medan me drikk kaffi frå termosen og skreller klementiner. Bjørneboe var eit veldig samansett menneske. Han var driven av mykje rart med ei slags eksistensiell trong til å vera ærleg. Han passa ikkje inn i nokon bås og hadde nok eit komplisert sinn samtidig som han hadde ein slags trong til å leva reint og ekte. Biografen maktar å gje eit veldig samansett bilete av ein veldig samansett person. Eg har lese ca 800 sider, og har framleis mange sider å sjå fram til. Eg såg at snøen i løpet av det siste døgnet hadde lagt seg her og, så nå er det viss full vinter i heile landet.

*

Vel heime så var huset fullt av ungdomar som hadde vore ute med skeiser og termos med kakao. Nå var dei klare for å baka peparkaker av ferdigdeigen me kjøpte på ikea, men først var dei svoltne. Syster dukka og opp som ei veldig koselg overrasking, men kva skulle me servera alle saman til middag? Me gjekk gjennom fryseboksen og varma det me fann av restar og ein ferdigpizza. Det vart så bra så.Midt i det heile hoppa og spratt det ein glad og opprømt mops som klarte å tissa i sofaen. I kveld glimta han ikkje akkurat til som veldig stoverein, men me får håpa me kjem dit ein dag om ikkje så lenge. Nå har kjærasten min vore på stasjonen og henta ein eldsteson som er ferdig med eksamen og skal vera vikar på den skulen han var på i fjor i morgontidleg. Vilde skal og overnatta. Nå har dei akkurat rydda kjøkkenet etter bakinga og forhåpentlegvis fått peparkakeelgar og peparkakerevar i kakeboksen. Nå er eg klar for kakeboksen, ehhh loppekassen sjølv. Det har vore ei intens helg.
Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget