Luke seks.
Bak luke seks skjulte det seg:
Ein nydeleg snøkvit desembermorgon med sol
Ein syngande skuleklasse
Ein bokkasse
Eit stort fat med pannekaker
Mange fine dikt
Agnus Dei
Ein kunne laga filmen til «Walking in a winterwonderland» frå gatene utanfor huset vårt. Me var på befaring på den nye skulen i nabolaget, eg og dei andre kulturskulelærarane. Utanfor vindauget akte glade barn i morgonsol ned ein liten bakke, nokre av dei med nisseluer over det flagrande håret. Medan me studerte aulaen og tilstøytande rom, kom ein klasse for å ha musikk eller kanskje for å øva til ein førjulsfest. Me var der akkurat lenge nok til å få med Eyvind Skeie sin fantastisk fine adventsong: «Tenn lys, et lys skal brenne, for denne lille jord, den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor. Må alle dele håpet at gode ting skal skje, må jord og himmel møtes, et lys er tent for det.» Sidan eg er i skrivepermisjon dette året, så går eg glipp av morgonsamlingane i skulen i adventtida. Det er ein av dei tinga eg lengtar litt etter, og eg er takknemlig for å ha fått ein liten smak i dag.
Er det noko eg ikkje kan motstå, så er det kassar med billige bøker. Ein slik fann eg i dag og fekk med meg fem bøker for hundre kroner. Eg trur nokre av dei havnar under juletreet. Skulle eg koma på andre tankar, så er det bøker eg kjem til å ha glede av sjølv og. Med eldsteguten på plass i heimen, så skunda eg meg heim for å laga ein stabel pannekaker med bacon. Det er nemleg noko han alltid ynskjer seg, og det er jo eit ønskje som nokså lett kan oppfyllast.
Etter pannekakemiddagen enda eg opp med dikta mine. Eg har samla dikt i heile haust,eg har leita meg gjennom diktbøkene i hylla mi, men har framleis ikkje kome lenger ut i alfabetet enn til bokstaven F. Nå bruker eg nokre av dikta i julegavekalendarar som eg lagar til utvalde venner og familiemedlemmar. Eg kostar på meg litt lyrikk her og, slik at du som les dette kan finna noko vakkert i adventkalenderen min i dag. Sidan eg er oppteken av Jens Bjørneboe akkurat nå, får det bli eit dikt av han. Snart skal eg møta nokre flotte damer heime hos Dagny.
Skriften.
Det er som å høre et eventyr
å ligge så stille om natten.
Utenfor snakker de kloke dyr,
hunden og hesten og katten.
Så kommer den tidlige demring grå
da fuglene våkner og flyr,
de stiger opp til den himmel blå.
Og skriver sin veldige skrift derpå,
som ingen mennesker kan forstå
og ingen vet hva betyr.
Jens Bjørneboe
Og der hadde eg slutta, men måtte ta med eit litet tillegg om nokre fantastiske kveldstimar eg har ein måndag var månad. Då set eg meg ned i lag med fem andre for å snakka, tenkja og be. I dag hadde Elise med seg ei plate. Ho spelte Agnus Dei (Guds lam) for oss og bad oss lytta i ettertanke for å opna oss for Gud. Det var fint. Eg ville unna alle å ha ein guddommeleg himmel over det heilage allminnelege livet me lever med heile oss.
Heidi