Gå til innhald

Luke åtte

desember 9, 2010

Under luke åtte skjulte det seg:

Ei forsoven yngstedotter

Fleire diktkalendrar

Ei eksamensoppgåve om aktiv læring

Tett snøfall

Heimelaga lefser

Ungdomar som sit på kjøkkenet og ler

Ei oppgåve om Kleopatra

Ein stor oppvask

Sunniva lever eit frykteleg aktivt liv. Veldig ofte har ho program frå tidleg morgon til seine kveld nokså utan kvilepausar. I dag då ho kom ned var ho rimeleg knust. For andre dagen på rad hadde ho forsove seg. Ho hadde ikkje vakna av vekkaralarmen som hadde dura og gått utan at ho hadde høyrt han. Eg sa at det må vera eit teikn på at ho er i overkat sliten og at kroppen på denne måten snik seg til den kvila han treng. Ho har aldri pleidd å forsova seg, så eg har overlatt det heile og fulle ansvaret for å koma seg i eg til skulen til henne sjølv. Ho står opp tidleg sidan hoo har litt reiseveg og skal nå eit tog, og sidan ho begynner til ulike tider veit eg aldri heilt når ho bure ha vore på beina. Det er lite kjekt å vera over ein time for sein til skulen, særle når det skjer to dagar på rad, så eg forstår at ho var frustrert og lei seg. Ho er lova litt sikkerheitsassistanse i morgon tidleg.

Ingrid har heimeeksamen i pedagogikk. Ho skal skriva om akriv læring. Det blir nok litt samtalar om temaet i heimen. På heimeeksamen har dei lov til å bruka kjelder. Det slår meg kvar gong ho skriv oppgåve kor mykje interessant det er å fordjupa seg i på fagområdet pedagogikk, og kor lite enlednign ein har til å fordjupa seg i teoriar i ein travel lærarkvardag. Sjølv om båe administrasjonen på skulen min og systemet høgare opp skal ha ros for at det faktisk blir utført ein del pedagogisk utviklingsarbeid i den bundne tida vår slik at me ikkje sovnar heilt.

Sunniva skal skriva samfunnsfagoppgåve om ein historisk person. Ho skriv om Kleopatra. Eg var ikkje klar over at Kleopatra faktisk i ein lang periode fungerte som farao over Egypt. Ein lærar så lenge ein har ungdomar i huset. Eg las oppgåva hennar. Ho påstod at ein i ei samfunnsfagoppgåve ikkje fekk karaktertrekk på stavefeil eller dårleg språk. Det høyrest litt merkeleg ut i mine øyrer. Ho skal prøva om ho får eit ledig kvarter så me kan sjå litt nærare på språket i lag før ho leverer sundag kveld. Helga hennar er full av skulejuleball og øvingshelg i teatergruppa. Eg hugsar faktisk at då eg var på hennar alder hadde eg det akkurat like travelt og at ein eller annan gong låg eg fullstendig utmatta på sofaen i ei heil helg. Det har visst ikkje skjedd meg sidan, men eg får prøva å forhindra at yngsejenta mi ikkje slit seg heilt ut med skule, teatergruppe med stor forestilling  januar, styret i teatergruppa, arbeid på restaurant og eit overblomstrande sosialt liv.

Og eg var oppriktig imponert over meg sjølv då eg faktisk gjekk i gang med lefsebaking. Det var koseleg og arbeidskrevande. Det var nok eit godt råd eg fekk av Thorbjørg å laga dei mindre enn dei eigentleg skulle vera. På den måten lot dei seg lettare kjevla papirtynne og lettare flyttast over på bakstehella.

Odd Christian er ferdig med eksamen i Bergen og heime på juleferie. Han er så helig å ha fått eit vikariat på den skulen han jobba på i fjor. Noko av det som er veldig koseleg med å ha alle ungane heime er å høyra dei le saman på kjøkkenet. Sjølv om eit par av dei kan irritera seg litt på område der dei er veldig ulike, som foreksempel graden av orden og ryddigheit, så har dei veldig masse felles humor. Så får eg heller tåla at ein viss del av humoren rett og slett handlar om meg…

Oppvasken var såpass omfattande at eg ikkje kan skriva meir her akkurat nå. Kanskje eg kjem tilbake. Elles så er eg frykteleg stolt av at eg faktisk steikte lefser, til og med heilt aleine. Det trudde eg i grunnen aldri at eg skulle koma til å gjera. Eg har sett farmor gjera det i oppveksten, og då såg det veldig vanskeleg ut. Etter råd frå Thorbjørg laga eg dei mindre enn slike som fyller heile takka. Det var lurt.

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild's avatar
    Torhild permalink

    WOW!!DU IMPONERAR!!!Håpar eg får smaka Heidi-gome og Heidi-lefser…..

  2. heidiskriv's avatar
    heidi permalink

    då kan det henda du må skunda deg hit. Nokon i familien har oppdaga kor gode dei er og et dei i frosen tilstand.

Kommenter innlegget