Gå til innhald

Luke ni.

desember 10, 2010

Bak luke nummer ni fann eg:

Jens Bjørneboe

Engelen Egil

Ein skrivekonkurranse

Eg har problem med å leggja frå meg boka om Bjørneboe. Eg blir dregen inn i livet hans i ein så sterk grad at eg kjenner meg fortumla når eg kjem ut att. For ein type. Han er må dekka det meste av skalaen for kva eit menneske kan vera. Det er trist å lesa om dei store alkoholproblema han utvikla. I tilleg til brennevin så gjekk det med ganske store mengdar hårvatn og om nøden var ekstra stor så gjekk det på skokrem. I fylla gjorde han dei merkelegste ting og rota seg oppi utrulege situasjonar medan den økonomiske tilstanden vart meir og meir håplaus. Dessutan var han ein notorisk fyllekjørar, og etterkvart innleia han seksuelle forhold til fleire unge gutar. At kona haldt ut med han sånn omtrent til siste slutt er meg ei gåte. Ho var barnevakt for ha så godt ho evna, og hadde rutine på å henta han heim om nettene. Midt i det heile skreiv han geniale romanar og skodespel, ein av dei siste romanane han skreiv var «Haiene». Eg hugsar at eg omtrent var i trance då eg las boka, at eg sat utanfor klasseromet på den vidaregåande skulen eg gjekk på og las mellom jakkane under knaggrekka og bare håpa at friminuttet måtte vara lenge. Eg hugsar at ein av gutane i klassen kom bort og spurde kva i all vera eg las sidan eg var så totalt usosial denne dagen. Eg viste han boka og han nikka betydningsfullt og sa at den hadde han og lese. Det rare er at når eg nå les om denne boka viser det seg at innhaldet hugsar eg viss ikkje lenger, det eg hugsar er kjensla av å vera omtrent hypnotisert av ei bok i så stor grad at eg står svimmel og fortumla etter at eg har lagt frå meg boka og kjenner meg som ein gjest i mitt eige normale liv. To andre gonger i ungdomen kan eg hugsa å ha hatt tilsvarande sterke leseopplevingar. Det var så eg las «Isslottet» av Tarjei Vesaas, og då eg las «Broene brenner» av Kaj Skagen.

Då er det heldigvis ein mindre tragisk historie den om «Engelen Egil». Det er ei biletbok eg har laga saman med elevane mine på skapande skriving. Me har skrive teksten saman og kvar for oss, og lørdag for eit par veker sidan laga me bileta i form av applikasjonar. Etter at teksten er handskriven og bileta laga gjenstår det framleis eit ganske stort arbeid for å få boka ferdig. Eg kom ganske langt i går, men må tilbake ein dag i neste veke for å bli ferdig.

Og skrivekonkurransen hadde me ganske fredeleg og internt i skrivegruppa. Alle fekk fem stikkord, dei skulle skriva kvar sin tekst, alle tekstane vert lesne opp med eit anonymt nummer. Etterpå fekk alle stemma på to tekstar kvar.  Det virka ganske motiverande. Og elles så drakk me varm kakao, for ute var det kaldt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget