Luke elleve:
Bak luke elleve skjulte det seg:
Regn og bare vegar
Fotoutstilling på Bryne Mølle
Eit lutefiskselskap
Henting på juleball
Etter å ha sovna til eit mildt sagt livsfarleg føre, så vakna me til at regnet, som hadde jobba flittig heile natta, hadde teke vekk alt saman. Det var litt trist at all den fine kvite snøen var borte, men deilig at ein kunne bevega seg ut både til fots og i bil utan å risikera liv og lemmar.
Tantebarnet mitt, Borghild, som har vore i Guatemala, saman med Ida for å overlevera innsamla pengar til Idas hjelpefond, og bygga hus til ein fattig familie, hadde i går utstilling av fotogfrafi og lysbilete på Bryne Mølle. Samtidig var det laga til kafé der, der me kunne kjøpa kaffi og kaker og gløgg i tillegg til kalenderar for å støtta prosjektet. Borghild har teke bilete med masse kjensler og sjel i. Eg gjekk og svelgde på ein klump i halsen, fordi eg vart rørt til tårer både av bileta og historiane bak. Fleire av dei eg snakka med hadde det på same måten. Eg er kjempestolt av både bileta hennar og det ho har vore med på å gjera for dei fattige i Guatemala. Eg kjøpte med meg fine englelys som mormor til Ida hadde laga til inntekt for prosjektet.
Så var det heim for å baka ei stor eplekake me skulle ha med oss til Hilde på lutefiskselskap om kvelden. Det vart ein veldig koseleg kveld med god mat og triveleg samver. Seint på kvelden henta me Halvard som hadde vore på juleball og Ingris som hadde vore på førjulsfest med medstudentane sine. Det vart ein ganske sein kveld. Kombinasjonen med å venta på seine ungar lørdag kveld og å stå tidleg opp på sundag morgon for å gjera seg klar til gudstenesta er ganske travel. Men slik får det vel bare vera ein periode. Det er ikkje så ofte det er min tur til å vera på banen som sundagsskulelærar, og eigentleg gjer eg det med stor glede.
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barna mine, jul, Tru, vinter