Luke tolv
Bak luke tolv fann eg
Tre tende adventlys og frokost med Sunniva
Ei flannellograftavle
Meir fotoutstilling
Eit søndagsope kjøpesenter
Ein kyrkjekonsert
Ein kveldskopp med kaffi
Ein tidleg kveld
Det å ha sundagsskule er faktisk noko eg tek kjempealvorleg. Det er ikkje så ofte eg er i elden, sånn ca tre gonger i halvåret. Då bruker eg mykje tid på å tenkja gjennom, førebu, reflektera og be. Kanskje eg legg det vel mykje på meg, men eg vil så gjerne at det skal bli bra. Eg vil at barna som kjem, nokre av dei er der i samband med dåp og kjem bare ein gong, skal oppleva kyrkja som vennleg og varm. Samtidig vil eg at alle skal kjenna seg sett og ivaretatt, eg vil gjerne gje dei noko å ta med seg og veksa på, ikkje steinar for brød. Samtidig er eg redd for å seia noko som er feil, eller noko som dei små kan misforstå. Eg vil at dei ikkje skal oppleva det kjedeleg, og eg vil gjerne at dei som kjem dit saman med barn som ikkje vågar å koma aleine, eller er for små til å koma aleine skal kjenna at dei får noko fint med seg heim. Eg skal ikkje overdriva min eigen innsats, men det er rett å seia at dei siste to-tre dagane før eg skal ha sundagsskule, så tenkjer eg mykje på det. Samtidig synest eg at det er fantastisk å få lov til det, fordi eg synest det er så viktig. Eg trur eg må minna meg sjølv om dei orda venninna mi fekk med seg frå biskopen då ho vart vigsla til diakon: Hugs at du ikkje er blitt diakon for å imponera Gud, du er kalla til å gå roleg i ferdiglagde gjerningar. Før gudstenesta hadde eg ein nydeleg og roleg frokost med Sunniva i eit mørkt kjøkken med tende adventlys. Ho var tidleg oppe ho og, og skulle bruka heile sundagen til å øva på to ulike store teaterprosjekt.
Etter sundagsskulen reiste me ned til utstillinga på mølla att. Denne gongen møtte me mor og far, bror og svigerinne og syskenbarnet Karen med sin Øyvind. Det var fint å få sjå bileta ein gong til, og koseleg å snakka med folk.
Vel heime parkerte eg ein halvtime på sofaen medan kjærasten min laga middag, for det hadde blitt ei kort natt. Etterpå lot eg meg lokka med på eit sundagsope kjøpesenter saman med Ingrid. Eigentleg synest eg at søndagsopne kjøpesenter er ein uting, men det var verkeleg ganske avslappande å vera der. Det var ikkje så mange folk og det var roleg og koseleg stemning der. Me fekk handla litt begge to, og etter ynskje frå gutane kjøpte me med oss gløggekstrakt, mandler, rosiner og julegeiter heim. Eit glas med sennepssild ramla og oppi korga. Det er ikkje så ofte eg et sild, men sånn ved juletider kan eg plutseleg bli kjempeentusiastisk.
Etter ein snartur heimom tok eg beina fatt tilbake til kyrkja for å høyra julekantaten «Den store stjerna», det er blitt ein slags juletradisjon å oppføra denne i førjulstida. Spesielt musikken var nydeleg med piano, tverrfløyte og tre trompetar. Og jammen klarte eg ikkje å hanka med meg ein gjest heim etterpå så eg kunne briefa med dei heimelaga lefsene mine. Det vart ein fin tredje sundag i advent.
Heidi
LIknande innhald
From → Ansvar for verda, Barna mine, Filosofi, jul, Tru, Utstillingar, vinter