Julesongen min
Det lyser ei stjerne i nattta
Det lyser ei stjerne i natta.
Ho lyser for håp og for fred.
Ho lyser for oss som leitar,
og alltid må gjera det.
Ho lyste ein gong over stallen,
for menn utan makt, utan ry,
for slike som jobba ute
om natta ved Betlehem by
Ho lyser for håp og for fred.
Ho lyser for oss som leitar,
og alltid må gjera det.
Ho lyste ein gong over stallen,
for menn utan makt, utan ry,
for slike som jobba ute
om natta ved Betlehem by
Ho lyste for han som var trufast,
mot planen som var blitt lagt,
som støtta ei sliten kvinne
så langt som det stod i hans makt.
For ho som var sårbar og lydig,
som hadde fått kjenna på skam.
Ho måtte dra ut på vandring,
og fødde så snart ho kom fram.
For guten som føddest til uro,
for flykten til framande land,
for han som var himmelsk annleis,
ein kvilelaus, kjempande mann.
Ho lyste for desse så rike,
så mektige, undrande menn,
dei som ikkje eingong visste
heilt klart kor dei skulle hen.
Me kjem med urolege hjarte
på leit etter kvile og fred,
me ber på ei rastlaus lengsle,
me aldri blir ferdige med.
Å Gud, ta i mot oss som leitar
som kjem hit med nølande steg,
og la oss i glimt få kvila
i lyset frå stjerna hos deg.
Og viss nokon vil høyra melodien og kan dei senda meg ein mail på heidi@harboe.no, så sender eg lyfila. 🙂
Heidi
Kommenter innlegget